Huntressbreen er ein isbre som er 7 km lang og 3,7 km brei og flyt til enden av False BayLivingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho grensar til Friesland Ridge og Tangra Mountains mot søraust, Nesebar Gap, Pliska Ridge, Burdick Ridge og Willan Nunatak i nord, og Charrúa Gap og Napier Peak i nordvest.

Huntressbreen
isbre
Huntressbreen frå Willan Saddle.
Land  Antarktis
Stad Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°40′00″S 60°15′45″W / 62.66667°S 60.26250°W / -62.66667; -60.26250
Lengd km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Huntressbreen
62°40′00″S 60°15′45″W / 62.6667°S 60.2625°W / -62.6667; -60.2625
Huntressbreen is located in Antarktis
Huntressbreen (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Isbreen vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1958 etter den amerikanske skonnert «Huntress» (kaptein Christopher Burdick) frå Nantucket, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820–21 i lag med «Huron» frå New Haven i Connecticut.[1]

Kjelder

endre
  1. «Huntress Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. januar 2014. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Huntressbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).