Napolitansk-kalabresisk
Napolitansk-kalabresisk er eit italiensk språk som blir tala i og rundt Napoli, i Campania og i store delar av Sør-Italia. Ein reknar med at rundt 7,5 millionar menneske talar språket, men det har låg status, og i tillegg tilknytt Napoli i omdømet til lokale folk, at få vil gå med på at språket dei snakkar er «nnapulitano». Språket har ingen offisiell status i Italia og blir ikkje brukt til undervising i skular.
Napolitansk-kalabresisk nnapulitano | ||
Klassifisering: | indoeuropeisk italisk romansk vestitalisk italodalmatisk | |
Bruk | ||
Tala i: | Italia | |
Område: | Sør-Italia | |
Napolitansk-kalabresisktalande i alt: | 7,5 millionar | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | nap | |
ISO 639-3: | nap |
Kjende forfattarar som har brukt språket er Giambattista Basile (midten av 1500-talet–1632), Salvatore Di Giacomo (1860–1934), Totò (Antonio de Curtis/Antonio Clemente, 1898-1967) og Eduardo De Filippo (1900-1984). Det er også kjend gjennom napolitanske songar som
«O sole mio», «Torna a Surriento» og «Funiculì Funiculà».
