Napolitansk-kalabresisk

(Omdirigert frå Napolitansk språk)

Napolitansk-kalabresisk er eit italiensk språk som blir tala i og rundt Napoli, i Campania og i store delar av Sør-Italia. Ein reknar med at rundt 7,5 millionar menneske talar språket, men det har låg status, og i tillegg tilknytt Napoli i omdømet til lokale folk, at få vil gå med på at språket dei snakkar er «nnapulitano». Språket har ingen offisiell status i Italia og blir ikkje brukt til undervising i skular.

Napolitansk-kalabresisk
nnapulitano
Klassifisering indoeuropeisk
 italisk
  romansk
   vestitalisk
    italodalmatisk
Bruk
Tala i Italia
Område Sør-Italia
Napolitansk-kalabresisktalande i alt 7,5 millionar
Skriftsystem Latinsk
Språkkodar
ISO 639-2 nap
ISO 639-3 nap

Kjende forfattarar som har brukt språket er Giambattista Basile (midten av 1500-talet–1632), Salvatore Di Giacomo (1860–1934), Totò (Antonio de Curtis/Antonio Clemente, 1898-1967) og Eduardo De Filippo (1900-1984). Det er også kjend gjennom napolitanske songar som

«O sole mio», «Torna a Surriento» og «Funiculì Funiculà».

Spire Denne språkartikkelen som har med Italia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.