Naratida (奈良時代, Nara jidai) var ein periode i japansk historie som varte frå 710 til 794. Han har namn etter Nara, som var hovudstad i denne perioden.

Austpagoden ved Yakushi-ji blei bygd i 730, under Naratida.

I 710 etablerte Keisar Gemmei skipa hovudstaden Heijō-kyō (dagens Nara) i 710. Bortsett frå ein periode på fem år, frå 740 til 745 då hovudstaden blei flytta igjen, var dette hovudstaden i Japan fram til keisar Kammu skipa ein ny hovedstad, Nagaoka-kyō, i 784. I 794 blei hovudstaden flytta til Heian-kyō (Kyoto), og Heiantida tok til.

I Naratida hadde Japan diplomatisk samband med Kina, og kinesisk kultur blei populær i Japan.

Hovudstaden var modellert etter Chang'an, hovudstaden i det kinesiske Tang-dynastiet. På mange andre måtar var den japanske overklassen prega av kinesarane, mellom anna ved å ta i bruk kinesisk skrift, kinesiske motar og buddhismen.

Det meste av det japanske samfunnet på denne tida bygde på landbruk og busetjing i landsbyar. Dei fleste folka som budde her følgde ei tru som bygde på dyrking av naturånder og forfedreånder kalla kami.

Kjelder endre