Nardo er ein bydel i Trondheim. Nardo ligg sør for sjølve Midtbyen og aust for Nidelva. Namnet Nardo skriv seg frå norrøn tid og ein reknar med at det låg et gudehov tileigna Njord her.

Nardo
bydel
Land  Noreg
Del av Trondheim
Kart
Nardo
63°24′29″N 10°25′04″E / 63.4081°N 10.4178°E / 63.4081; 10.4178
Wikimedia Commons: Nardo, Trondheim

Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking i 2004 utpeikte Nardo som den bydelen i Trondheim der innbyggarane hadde det best.[1]

Geografi endre

Området Nardo strekkjer seg frå Lerkendal i nord og til Risvollan i sør. Grensene i aust og vest er kvar seg Moholt og Sunnland.

Med tida har det endra seg ein del kva for område som blir rekna til Nardo. Tendensen er at Nardo, noko feilaktig, har strekt seg sørover. Handlesenteret Nardocenteret har bidratt mykje til dette, i tillegg til at Nardo administrative distrikt fram til 1. januar 2005 omfatta bydelane Nardo, Steinan, Bratsberg, Nidarvoll og Hoeggen. Nardo er nå underlagt Lerkendal administrative bydel.

Omkjøringsvegen og Nardokrysset deler bydelen i to delar, Nardosletta er et relativt flatt område frå omkjøringsvegen og sørover til Nardocenteret. Nord for omkjøringsvegen ligg Blomsterbyen og Nardotoppen kvar seg aust og vest for Torbjørn Bratts veg.

Sør for Nardo ligg det fire store burettslag som hovudsakleg består av blokker og rekkehus: Othilienborg, Vestlia, Sollia og Risvollan. Sistnemnte er mellom Noregs største burettslag.

Idrett endre

Nardo har ein suksessfull bydelsklubb, Nardo Fotballklubb. Nardo FK held til i Nissekollen – eit friluftsområde i Blomsterbyen – der klubben har eit klubbhus og to fotballbanar med kunstgrasunderlag, ein stor og ein liten.

Utdanning endre

I hjarta av bydelen ligg den nyleg nyleg gjenreiste Nardo skole. Den nye skolen opna i 2008 etter ein byggjeperiode på to år, mellombels opphaldsstad for elevane var i brakker på Sverresborg. Bydelen sin lokale ungdomsskole er Sunnland ungdomsskole, rett vest for Nardo

Næraste vidaregåande skole er Strinda videregående skole som tilbyr studieretning for idretts- og studieforberedende fag.

Nardo ligg òg i umiddelbar nærleik til Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, campus Gløshaugen.

Næringsverksemd endre

Nardo er først og fremst eit bustadstrøk, og har få butikkar og andre arbeidsplassar i sjølve bydelen. Sør i bydelen ligg bydelssenteret Nardocenteret. Trondheims Mercedes-Benz-forhandlar, Motor-Trade er òg lokalisert på Nardo. Røde kors, Tapir og Mamoz er nokre av dei få foretaka som har lokale på Nardo.

Kommunikasjon endre

Nardo ligg like ved Omkjøringsvegen og er lett tilgjengeleg med bil. Det meste av kollektivtransport til og frå Nardo går med buss, hovudsakeeig bussrute nr. 8 og 52. Heilt nord i bydelen ligg òg Lerkendal stasjon, ein togstasjon på Stavnebanen.

Gardsnamnet endre

Gardsnamnet Nardo (Nardoe/Nardve (1801)) var tidlegare matrikulert til Strinden prestegjeld i Lade sokn. I 1801 vert to gardar nemnde: Nardoe nedre og Nardve den mellemste. I 1886 vert fire gardar nemnde: Nardo nordre, vestre, østre og søndre med til saman sju bruk.

Kjelder endre

  1. «- Nardo er fantastisk». Adresseavisen. 15. januar 2005. Arkivert frå originalen 10. mars 2016. Henta 15. august 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nardo