Stavne–Leangenbanen
Stavne–Leangenbanen er ei 5,8 km lang jernbanestrekning i Trondheim kommune. Banen tar av frå Dovrebanen ved Stavne på vestsida av Nidelva, kryssar elva og deretter E6 før han kjem til Lerkendal haldeplass, som i dag er den einaste haldeplassen på strekninga. Vidare går jernbanen gjennom den 2,7 km lange Tyholttunnelen før han kjem ut ved Leangen stasjon, og kjem inn på Meråkerbanen mot Hell. I 2013 vart det nybygde sørlege sporet frå Dovrebanen gjenopna etter at dei omfattande vegarbeida i området var ferdige. Banen vil bli elektrifisert som den første delen i samband med elektrifiseringa av Meråker- og Nordlandsbanen som er planlagt ferdig i 2024.[1]
Stavne–Leangenbanen | |
Tyholttunnelen ved Lerkendal | |
Info | |
Type | Jernbane |
System | Éinspora uelektrifisert bane |
Status | Aktiv |
Utgangsstasjon | Marienborg stasjon |
Endestasjon | Leangen stasjon |
Tal på stasjonar | 2 (med nedlagde Stavne stasjon) |
Drift | |
Opna | 2. juni 1957 |
Eigar | Bane NOR |
Type trafikk | Lokaltrafikk, godstrafikk |
Loktypar | NSB type 92 |
Teknisk | |
Køyrestraum | Ikkje elektrifisert |
Lengd | 5,8 km |
Lengd dobbeltspor | 0 |
Kryssingsspor | 0 |
Bruer | 6 |
Tunnelar | 1 |
Planovergangar | 0 |
Historikk
endreStavnebanen vart påstarta under 2. verdskrigen etter ønske frå Wehrmacht for å få ein alternativ jernbane utanfor Trondheim sentrum ved ein eventuell sabotasjeaksjon. Fordi det tok lang tid å bygge tunnelen, begynte ein òg å bygge ei parallellstrekning frå Skansen stasjon og gjennom Sandgata. Då krigen var slutt var likevel ingen av dei to strekningane ferdige. Sporet frå Sandgata og vidare gjennom Olav Tryggvasons gate hadde berre nådd Søndre gate.[2] Vidare bygging av Stavne–Leangenbanen vart utsett, og han vart offisielt opna først 2. juni 1957. Til å begynne med vart han berre nytta til godstrafikk, men sidan 1988 er strekninga mellom Marienborg og Lerkendal trafikkert på kvardagar av lokaltog frå Steinkjer. Gjennom Tyholttunnelen går det framleis berre godstrafikk.[3]
Linjekart
endreTeiknforklaring | |||
Dovrebanen frå Trondheim | |||
550,76 km | Trondheim M (1917) | ||
549,95 km | Marienborg (2001) | ||
Stavne kulvert (ca. 50 m) | |||
549,61 km | Søndre Tilsving | ||
549,24 km | Stavne (1908-1999) | ||
Stavne bru over Nidelva (186 m) | |||
Dovrebanen til Heimdal | |||
Holtermanns veg | |||
Klæbuveien | |||
550,37 km | Lerkendal (1988) | ||
Strindveien | |||
Tyholttunnelen (2760 m) | |||
Rønningsbakken | |||
Innherredsveien | |||
Thonning Owesens gate | |||
Meråkerbanen frå Trondheim | |||
554,94 km | Leangen | ||
Meråkerbanen til Hell | |||
Kjelder
endre- ↑ http://www.banenor.no/Prosjekter/prosjekter/Elektrifisering-trondelag/
- ↑ Nils Carl Aspenberg (1994). Glemte spor: Boken om sidebanenes tragiske liv. Oslo: Baneforlaget. s. 299–300. ISBN 82-91448-00-0.
- ↑ «Blad 14 Trondheim S - Grong Leangen -Marienborg Hell - Storlien» (PDF). Jernbaneverket. 13. desember 2009. Henta 9. mai 2010.