Narve Bonna
Narve Bonna (16. januar 1901–2. mars 1976) var ein norsk skihoppar frå Lommedalen i Bærum.[1][2] Under dei fyrste olympiske vinterleikane i 1924 i Chamonix tok han sølv i spesielt hopprenn og kom dermed på plassen etter Jacob Tullin Thams.[1][3]
Narve Bonna | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. januar 1901 Bærum kommune |
Død |
2. mars 1976 (75 år) |
Yrke | skihoppar |
Narve Bonna på Commons |
Bonna vart seinare involvert i skiproduksjon og skipa Lommedalens Skifabrikk i 1939. Dei produserte Bonnaskia.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Narve Bonna». Sports-Reference (på engelsk). Henta 14. desember 2016.
- ↑ 2,0 2,1 Espen Andersen. «Narve Bonna». Norsk biografisk leksikon. Henta 14. desember 2016.
- ↑ «Ski Jumping at the 1924 Chamonix Winter Games: Men's Normal Hill, Individual». Sports-Reference (på engelsk). Henta 14. desember 2016.