Rollag kommune

kommune i Buskerud fylke i Noreg

Rollag kommune er ein kommune i Numedal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i nordvest til Nore og Uvdal kommune, i aust mot Sigdal kommune, i sør mot Flesberg kommune, og i vest mot Tinn kommune i Telemark fylke.

Rollag kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Rollag
Areal 449 km²
 - land 434 km²
 - vatn 15 km²
Folketal 1 395  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Viel Jaren Heitmann (Sp)
Kommunenr. 3336
Kart
Rollag kommune
59°59′02″N 9°17′43″E / 59.983888888889°N 9.2952805555556°E / 59.983888888889; 9.2952805555556
Wikimedia Commons: Rollag
Nettstad: www.rollag.kommune.no

Den offisielle skildringa av kommunevåpenet er «To oppstigende gullspisser, møtende i øvre skjoldrand, mot rød bakgrunn». Våpenet viser stilisert ein varde og er frå 1993.

Næringsliv og samferdsel endre

Rollag er ein jordbruks- og skogbrukskommune. Dei fleste gardane ligg på morenejord i hovuddalføret 200–300 moh. Jordbruket er basert på hald av husdyr (særleg storfe og sau), men det er også dyrka atskilleg korn. Kongsberg Automotive har ein fabrikk i Rollag, som er å rekna som ei hjørnesteinsbedrift i kommunen. I Rollag ligg Numedal folkehøgskole, ein folkehøgskole som fokuserer på idrett.

Fylkesveg 40 (KongsbergGeilo) går gjennom kommunen langs Lågen. Frå Veggli kyrkje går det sommarveg vestover til Tinn kommune i Telemark og frå dei sørlege delane av bygda over til Sigdal kommune. Numedalsbanen som gjekk frå Kongsberg til Rødberg har nå noko turisttrafikk i privat regi; overfor Veggli er det berre dressinkjøring.

Geografi endre

Rollag kommune omfattar Numedal frå Fossan til Vergja bru, i tillegg til fjelltraktene på begge sider. Dalsidene i Numedal er for det meste bratte og skogkledde, og åslandet på begge sidene av hovuddalføret er svært kupert. Nesten to tredelar av arealet i kommunen ligg høgre enn 600 moh. Det høgste punktet er Storegrønut som er 1289 m.o.h. og ligg på Vegglifjell, på grensa til Telemark i nordvest.

Det er to tettstader i Rollag kommune, kommunesenteret Rollag og det noko større Veggli. Busetnaden i kommunen følgjer for det meste hovuddalføret der desse to tettstadene ligg.

Kjelder endre

«Rollag» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre