Narvesen vart etablert i 1894 som Narvesen Kioskkompagni av Johan Bertrand Narvesen. I meir enn 100 år har Narvesen tilbode lesestoff på norske togstasjonar, som var årsaka til opprettinga av Narvesen i utgangspunktet.[1] Kjeda er i dag eigd av Reitan Convenience, eit av dei fire forretningsområda i Reitangruppen.[2] I Noreg finst det 440 Narvesenkioskar fordelt over heile landet med omtrent 2500 tilsette.[1]

Narvesen


BransjeDetaljhandel
Skipa1894
MorselskapReitangruppen, Reitan Convenience
LandLitauen, Noreg, Latvia
Nettstadhttps://narvesen.no (norsk), https://narvesen.lt (Litauisk)

Narvesen-konseptet omfattar Narvesen i Noreg, Litauen og Latvia. Kvar av kjedene har ein dominerande marknadsposisjon i heimemarknadane sine. Til saman er det 728 utsalsstadar, der 440 er desse er lokaliserte i Noreg, 228 i Latvia og 60 i Litauen.[1][3][4]

I dag sel Narvesen mellom anna kioskvarer, kaffe, lesestoff, bakevarer og pølser, og dessutan billettar og elektroniske tenester.[5] Narvesen sine kioskeigarar er franchisetakarar som eig og driv kioskane sjølv, med rammer sett av Reitan Convenience.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Historie», narvesen.no, henta 5. desember 2022 
  2. «Narvesen - Reitan», reitan.no (på engelsk), henta 5. desember 2022 
  3. Narvesen vēsture – Narvesen (på latvisk), henta 5. desember 2022 
  4. «Apie mus» (på litauisk). 
  5. «Produkter», narvesen.no, henta 5. desember 2022