Opna hovudmenyen
Bunadkledd pike i svalgang (1849) av Hedevig T.C.E. Lund, no ved Nasjonalgalleriet. Nasjonalkultur går ut på å heva ein del av folkekulturen til å få nasjonal tyding.

Nasjonalkultur er ein allmenn kulturell plattform som medlemmene i ein nasjonalstat opplever og går god for.[1] Med «kultur» er det i dette omgrepet meint eit heile knytt til livforma til menneske i nasjonen som omfattar kunst, kunnskap, tru, moral, skikkar og lovar.[2]

BakgrunnEndra

Formuleringa av ein nasjonalkultur kan gå parallelt med utviklinga av ein nasjonal identitet og gjennom dette ein nasjonalstat.[3] Utviklinga av nasjonale kulturar som bygde på folkeleg kultur fann stad samtidig med utviklinga av nasjonalismen i Europa sist på 1700- og i løpet av 1800-talet.[4] I Tyskland, Sveits, Storbritannia, Nederland, Frankrike og i Norden blei det gjort innsamlingar av folkekultur i form av songar og soger.[5] Dette stoffet blei igjen formidla tilbake til folket i nasjonen.[6] For Noreg, Irland og Belgia var formuleringa av nasjonalkulturar viktig i kampen for sjølvstende.[7] Her fekk nasjonalkultur også ei viktig nasjonalpolitisk tyding.[8]

Skipinga av ein nasjonalkulturEndra

«Kultur» var lenge einstydig med danninga til overklassen.[9] Medan ein tidlegare mest hadde lagt vekt på å «heva» folket ved å gje det danning, kan ein seia at folkekulturen no blei «heva» og rekna som danna som nasjonal kulturarv.[10] Også i danninga av nasjonalkulturar blei det gjerne vald ut visse grupper som skulle ha ein meir nasjonal kultur enn andre - typisk bønder.[11] Denne tilnærminga er blitt kritisert, også i samtida, for at folk frå høgare samfunnsklassar valde ut element frå ulike delar og skipa dei om til ein felles «nasjonal» kultur.[12] I Noreg representerte visse delar av bondekulturen ei lenkje til høgmellomalderen før unionstida.[13]

Sidan nasjonalkulturen kan femna om heile livsforma til ein nasjon, kan han omfatta ei rekkje ulike felt. Frå Noreg kan ein til dømes nemna landskap og natur som skildra i ulike kunstverk, historie og historisk litteratur, særleg knytt til dei norrøne kongesogene og munnleg litteratur som segner og eventyr, musikk, språk, kjenneteikna av striden om skriftspråk som førte til bokmål og nynorsk, klede som i utviklinga av bunaden og arkitektur, særleg symbolisert ved stavkyrkjer.[14] Nasjonalkulturen kan formidlast og omformast i nylaga kulturuttrykk som i biletkunst, dikting og byggverk, til dømes med element frå mellomalderarkitektur som i drakestil, og gjennom nasjonale kulturinstitusjonar som Nasjonalgalleriet og Norsk folkemuseum. Etter fastsetjinga av denne nasjonalkulturen på 1800-talet har få nye element kome til, men ein har vektlagt særskilde ting, som kongehuset, idrett og norsk natur.[15]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Hodne 1995, s. 19
  2. Hodne 1995, s. 24
  3. Hodne 1995, s. 27
  4. Hodne 1995, s. 26-27
  5. Hodne 1995, s. 29
  6. Hodne 1995, s. 31
  7. Hodne 1995, s. 30
  8. Hodne 1995, s. 32
  9. Berggreen 1994, s. 16
  10. Berggreen 1994, s. 21-22
  11. Berggreen 1994, s. 24
  12. Berggreen 1994, s. 35-36, Hodne 1995, s. 59
  13. Hodne 1995, s. 40-41
  14. Hodne 1995, s. 35-39, 60-61
  15. Johansen 2007, s. 79-80

Bibliografi

  • Berggreen, Brit (1994), Da kulturen kom til Norge, Aschehoug 
  • Hodne, Bjarne (1995), Norsk nasjonalkultur : en kulturpolitisk oversikt, Oslo: Universitetsforlaget 
  • Johansen, Liv Bjørnhaug (2007), Et eget rom (PDF), IKOS, Universitetet i Oslo