Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse

Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse eller berre Aldring og helse er eit norsk nasjonalt senter som tek for seg med aldersrelaterte tilstandar og sjukdommar.[1]

Senteret vart oppretta som Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens i 1997 på bakgrunn av eit stortingsvedtak frå 1995. Frå tidlegare fanst det to statlege utviklingsprogram om aldersdemens og alderspsykiatri som senteret bygde vidare på.

Lokalisering

endre

Kompetansesenteret er geografisk lokalisert to stadar: Medisinsk divisjon, Ullevål universitetssykehus HF og Psykiatrisk fylkesavdeling, Psykiatrien i Vestfold HF. Senteret har ei einskapleg fagleg leiing og er knytt til Universitetet i Oslo gjennom plasseringa i den geriatriske universitetseininga ved Medisinsk divisjon på Ullevål universitetssykehus.

Organisering

endre

Hausten 2006 vart verksemda omorganisert. Dette førte til eit Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse som bestod av Nasjonalt kompetansesenter for demens, funksjonshemning og aldring (FoA) og Utviklingsprogram om aldring hos menneske med utviklingshemming (UAU).

Oppgåver

endre
  • Administrasjon av dei ulike verksemdene, organisering av sams informasjons- og bibliotekverksemd, støtte til forskings- og utviklingsarbeid i dei ulike verksemdene og publisering av læremateriell og rapportar gjennom Forlaget Aldring og helse.
  • Organisering av kurs og konferansar i samarbeid med fagfolk knytte til dei ulike verksemdene.
  • Vidareutvikling og evaluering av tilbodet til menneske med demens og deira næraste gjennom forskings- og utviklingsarbeid.
  • Utvikling og formidling av læremateriell på området.
  • Rådgjeving til kommune- og spesialisthelsetenesta.
  • Undervisning om demens.
  • Funksjonshemming og aldring - FoA. Organisering og drift av eit utviklingsprogram om funksjonshemming og aldring (sidan 1999).
  • Eldre personar med utviklingshemming - UAU. Utvikling og drift av eit nytt utviklingsprogram om eldre menneske med funksjonshemming (sidan 2003).
  • Alderspsykiatri.
  • Forskings- og utviklingsarbeid.
  • Informasjon, rådgjeving.
  • Bibliotek.
  • Forlagsverksemd. Kompetansesenteret driv forlaget Aldring og helse.
  • Tidsskrift. Tidsskriftet Demens&Alderspsykatri vart gjeve ut av kompetansesenteret fram til 2019, og kom ut fire gonger i året. Sidan dette har senteret gjeve ut alt innhald digitalt.[2]
  • Kurs og konferansar. Landsomfattande, retta mot personell i kommunal pleie- og omsorgsteneste og i spesialisthelsetenesta.
  • Samarbeid med Nasjonalt senter for telemedisin i Tromsø om utvikling av videokonferanse- og nettbasert undervising.

Kjelder

endre
  1. «Om oss», Nasjonalt senter for aldring og helse (på norsk bokmål), henta 9. januar 2022 
  2. «Tidsskriftet aldring og helse», Nasjonalt senter for aldring og helse (på norsk bokmål), henta 9. januar 2022