Nassersjøen
Nassersjøen er ein stor kunstig innsjø i Afrika, på grensa mellom Egypt og Sudan. Sjøen er ein del av Nilen, og er danna gjennom oppdemming av elva. Han er 50 mil lang og har eit areal på 6000 km2 Når vasstanden er høgast er Nassersjøen verdas størst kunstige sjø med nesten 170 milliardar m³ vatn.
Nassersjøen | |||
innsjø | |||
Land | Mal:Landdata Egypt, Sudan | ||
---|---|---|---|
Nassersjøen 22°30′N 31°52′E / 22.5°N 31.86°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Nasser |
Sjøen blei til då Storbritannia bygde Aswandemningane mellom 1898 og 1902. Etter at Egypt fekk sjølvstende blei demningane utvida med sovjetisk hjelp og sjøen kalla opp etter president Gamal Abdel Nasser. Oppdemminga førte til at ein måtte flytta oldtidstempla ved Abu Simbel.
Denne geografiartikkelen som har med Egypt og Sudan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.