Natalja Gontsjarova

(Omdirigert frå Natalija Gontsjarova)

Natalja Sergejevna Gontsjarova (4. juni 188117. oktober 1962) var ein russisk avantgardemålar (kubofuturisme), klesdesignar, forfattar, illustratør og scenograf.

Natalja Gontsjarova

Verkeleg namn Наталья Сергеевна Гончарова, Natalja Sergejevna Gontsjarova
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Frankrike
Fødd 21. juni 1881
Nagajevo i Tula guvernement
Død

17. oktober 1962 (81 år)
Paris

Yrke kunstmålar, scenograf, kostymedesignar, illustratør, teiknar, motedesigner, skribent, kunstnar
Språk fransk
Medlem av Der Blaue Reiter, Jack of Diamonds
Far Sergey Goncharov
Ektefelle Mikhail Larionov
Natalja Gontsjarova på Commons

Liv og gjerning endre

 
Kvinner med river, 1907
 
Syklisten, 1913

Natalja Gontsjarova vart fødd i landsbyen Nagajevo nær Tula i Russland i 1881. Fyrst studerte ho skulptur ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur, men hoppa over til målarstudiet i 1904. Ho var sterkt inspirert av dei enkle framstillingane i russisk folkekunst. I sine eigne verk etterlikna ho folkekunsten samstundes so ho baka inn trekk frå fauvismen og kubismen. Saman med ektemannen Mikhail Larionov utvikla ho rayonismen. Dei to vart dei viktigaste stamfedrene i den prerevolusjonære russiske avantgarden som organiserte utstillinga Eselhalen i 1912, og som stilte ut saman med Der Blaue Reiter i München same året.

Eselhalen vart oppfatta som eit målretta brot med vesteuropeisk kunst, og for etableringa av ein sjølvstendig russisk skule innan moderne kunst. Likevel er påverknaden frå russisk futurisme lett påviseleg i Gontsjarovas seinare måleri. Opphavleg oppteken av ikonmåling og det enkle og endeframme i russisk folkekunst, vart Gontsjarova berømt i Russland for sine futurist-verk så som Syklisten og hennar seinare rayonist-arbeid. Som leiande mellom Moskvas futuristar organiserte ho og ektemaken provoserande førelesingskveldar, mykje i same gata som sine italienske motstykke. Gontsjarova var også involvert i grafisk design, ho skreiv og illustrerte ei bok i ein futuristisk stil.

Gontsjarova var medlem av den tyske avantgarde-gruppa Der Blaue Reiter frå ho vart danna i 1911. I 1915 byrja ho å teikne ballettkostymar og designe oppsetjingar i Geneve. Designen til balletten Liturgi tok ho til med i 1915. Sergej Djagilev hyra inn Gontsjarova, Léonide Massine og Igor Stravinskij til forarbeidet med Liturgi. Ho flytta til Paris i 1921 der ho utforma fleire scenekulissar til Sergej Djagilev og Ballets Russes.

Gontsjarova vart fransk statsborgar i 1939, og døydde i 1962 i Paris.

Ymse endre

Gontsjarova sitt måleri Epleplukking frå 1909 vart 2007 auksjonert bort i London for 9,8 millionar US-dollar. Dette var den høgste prisen nokon gong for eit måleri måla av ei kvinne. Året etter, 2008, gjekk eit anna bilete av Gontsjarova for ein enno høgre pris. Eit stilleben frå 1912 kalla Blomane vart seld for 10,8 millionar US-dollar.

Kjelder endre