Futurisme ( italiensk futuro, «framtida») var opphavleg ei italiensk kunstrørsle frå 1909 til 1914 som stamma frå kubismen. Sjølv om futuristane avviste kubismen, fanst ein samanheng mellom dei to stilartane. Kunstnarmiljø i Russland skapte seinare sin eigen variant av futurisme, ofte kalla for kubofuturisme, ei tilvising til både kubisme og futurisme.

Umberto Boccioni: Under pergolaen i Napoli, 1914

Futurisme i ulike land endre

I Italia og Frankrike endre

Enkeltelement som går att i futurismen er fart, kraft, aggresjon, kraftleidningar, framgang og ny teknologi. Den italienske forfattaren Filippo Tommaso Marinetti kom med det første futuristmanifestet i Le Figaro i Paris den 20. februar 1909. Manifestet såg for seg ei framtid driven av strid, angrep og rørsle, med fokus på arbeidarrørsler, over til revolusjon og anarki.

Mellom 1909 og 1920 dukka opp fleire slike manifest. 11. februar 1910 underteikna Umberto Boccioni, Carlo Carra, Gino Severini, Luigi Russolo og Giacomo Balla Manifesto dei pittori futuristi. 2. april same året kom dei med eit nytt manifest, eitt for det tekniske måleriet. Marcel Duchamp presenterte i 1911 sitt oppsiktsvekkande Nu descendant l'escalier for kubistvenene sine i Puteaux. Boccioni skreiv i 1912 eit Manifesto tecnico della scultura futurista, medan arkitekten Antonio Sant'Elia sitt Manifesto dell'architettura futurista vart publisert i 1914.

I februar 1912 heldt futuristane si store utstilling i Paris, ei ny følgde etter i den andre halvparten av 1913. Begge vart utstilt i fleire storbyar i Europa.

Det musikalske uttrykket for futurisme vart kalla brutalisme. Komponisten Balilla Pratella skreiv fleire manifest for futuristiske musikk, det første i 1910.

Futurismen vart kortliva. Rørsla gjekk i oppløysing då Italia i april 1915 vart med i første verdskrigen. Mellom dei mest kjende futuristkunstnarane finn ein Gino Severini, Giacomo Balla, Umberto Boccioni, Carlo Carra, Luigi Russolo og Marcel Duchamp.

 
Natalija Gontsjarova: Syklisten, 1913

Futurisme i Russland endre

Frå 1912 til midten av 1920-åra blomstra futurismen i Russland, særleg i litteraturen og med poesien i fremste rekke. Den russiske futurismen voks fram som ein reaksjon på den då dominerande skulen, russisk symbolisme. For russiske futurisme var det særleg viktig å motstå alle gjeldande standardar og konvensjonar kring danning, syntaks, staving og rytme. Det poetiske ordet kom atter i sentrum, med vilkårlege og avleia ord.

Poetane Igor Severjanin, Velimir Khlebnikov, David Burljuk og Vladimir Majakovskij var alle mellom dei leiande russiske, litterære futuristane. Mellom målarane peikar Kasimir Malevitsj og Pavel Filonov seg ut.