National Museum of the American Indian

National Museum of the American Indian er eit museum ved National Mall i Washington D.C., Manhattan i New York og i Suitland i Maryland.[1] Det er ein del av Smithsonian Institution. Museet er vigd amerikanske urfolk og levemåtane, språka, litteraturen, historia og kunsten deira. Skipinga av museet blei innleia ved eit vedtak i Kongressen i 1989.[1] Museet blei innvigd i september 2004, og samla då kring 20 000 personar frå ulike urfolksgrupper i USA.

National Museum of the American Indian

StadWashington
Skipa18. november 1989
Kart
National Museum of the American Indian
38°53′18″N 77°01′00″W / 38.8883°N 77.0166°W / 38.8883; -77.0166

Ein betydeleg del av samlingane kjem frå det tidlegare Museum of the American Indian som blei oppretta i New York i 1916. Det bygde på samlingane til George Gustav Heye (1874–1957).[2]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «About the Museum», National Museum of the American Indian (på engelsk), henta 6. juli 2024 
  2. «History of the Collections», National Museum of the American Indian (på engelsk), henta 6. juli 2024 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: National Museum of the American Indian