Opna hovudmenyen

Natriumhydroksid

kjemisk sambinding
Natriumhydroksid

Natriumhydroksid er ein sterk base med kjemisk formel NaOH. Stoffet er ei viktig uorganisk sambinding. I dagleg tale blir natriumhydroksid som væske ofte omtalt som lut eller kaustisk soda.

FramstillingEndra

Natriumhydroksid vert framstilt ved elektrolyse av ei natriumkloridløysning. Fleire typar elektrolyseceller eignar seg til dette.

BrukEndra

Natriumhydroksid blir mellom anna brukt til å rense tette avløp, framstilling av såpe og til å lute tre.

Stoffet vert brukt som reagens i organisk kjemi og til syntese av uorganiske sambindingar.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Natriumhydroksid
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.