Gummi
Gummi er fleire elastiske eller klistrete stoff som kan koma frå plantar eller framstillast syntetisk. Dei høyrer til ei gruppe av polymerar kjend som elastomerar.[1] Historisk har ein vunne ut ulike typar gummi av sekret frå plantar, som akasie, mjelt eller gummitre. Plantesafta lateks er opphavet til naturgummi,[2] som hovudsakleg er danna av polyisopren.[3] Syntetisk gummi er polyisopren som er danna gjennom polymerisasjon av isopren.
Ordet «gummi» kjem frå latin gummi eller cummi, avleidd frå gresk kommi (κόμμι).[4][5] Gjennom tidene har ein brukt harde, vassløyselege gummitypar som gummi arabicum og tragant til ulike føremål, som bindemiddel i farging og trykking, naturmedisin, tekstilstivar eller som stabilisator i næringsmiddel.
Naturleg lateks er blitt omdanna til kautsjuk (rå naturgummi), chicle, balata og guttaperka. Stoffet kan brukast i lim, måling, sparkelmasse, til impregnering og belegging av papir og tekstilar og til produkt som klede, til dømes badehetter, hanskar og våtdrakter, kondom, kateter, ballongar og dekk.[2] Syntetisk lateks og syntetisk gummi har liknande eigenskapar som naturgummi, og kan brukast til dei same føremåla.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Ore, Sven (24. juli 2020). «gummi». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ 2,0 2,1 Ore, Sven; Helseth, Lars Egil (27. september 2018). «lateks». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «polyisoprener». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014.
- ↑ «gummi» i Nynorskordboka.
- ↑ «gum, n.2». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005. (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)