Navaratri (sanskrit नवरात्रि, navaratra 'ni netter') eller dasara er ei hinduhøgtid til ære for ulike former av Durga, eller morgudinna. Høgtida går over ti dagar og ni netter, og endar mange stader med feiringa av dassehra eller vidjayadasjami. Høgtida blir feira under den lyse delen av hindumånaden asjvin, anten i september eller oktober etter vestleg tidsrekning.

Framstilling av ni durgaformer under navaratri i Varanasi.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne hinduismeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.