Opna hovudmenyen
Nazarovo
Назарово
Plassering
Nazarovo is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1700
1961
Geografi
Flatevidd
 - By

80 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

53 593
  669,9 /km²
Koordinatar 56°00′″N 90°23′″EKoordinatar: 56°00′″N 90°23′″E
Høgd over havet 240-270 moh
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 39155
Nettstad: www.nazarowo.ru

Nasarovo (russisk Назарово) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre bredda av elva Tsjulym, ei sideelv til Ob, rundt 240 km vest for Krasnojarsk.

HistorieEndra

Byen vart grunnlagt i 1700 av Nasari Patjukov, nær staden der elva Adadymka munnar ut i Tsjulym.

I 1786 vart landsbyen nemnt som Nasarovskij, kalla opp etter grunnleggaren og busett av 15 familiar. Byen tente òg som eksilby, til dømes for dekabristen Anton Arbusov, som døydde her.

I 1888 vart det oppdaga førekomstar av brunkol i området. Etter den andre verdskrigen starta utvinninga i stor stil, med utbyggingen av det første dagbrotet mellom 1947-1953. Så følgde bygging av eit varmekraftverk. I 1946 fekk landsbyen status som urbanliknande busetnad og i 1961 fekk Nasarovo bystatus.

NæringslivEndra

Forutan kolutvinning og energiforsyning (varmekraftverket Nasarovskaja GRES) finst det i byen verksemder innan maskinbygging, bygningsindustri (stål- og betongkonstruksjonar, isolasjonsmaterial) og møbelindustri.

Nasarovo ligg ved ein jernbane som knyt Atsjinsk ved den transsibirske jernbanen med Abakan ved den sørsibirske jernbanen. Bygginga av denne jernbanestrekninga starta i åra før første verdskrig, men vart ikkje fullført før i 1925.

KjelderEndra