Ndola er den tredje største byen i Zambia, med 475 194 innbyggjarar (førebels folketeljing 2010). Han er provinshovudstad i Copperbelt, og er industrielt og kommersielt sentrum i Koparbeltet, kopargruveregionen i Zambia og Kongo. Ndola ligg på ca. 1 300 moh., 320 km nord for den zambiske hovudstaden Lusaka.

Ndola
by
Land  Zambia
Folketal 528 330 (2013)
Kart
Ndola
12°58′08″S 28°37′57″E / 12.968888888889°S 28.6325°E / -12.968888888889; 28.6325
Ndola i Zambia
Ndola i Zambia
Ndola i Zambia
Wikimedia Commons: Ndola

Namnet «Ndola» kjem frå elva Ka Ndola, som har utspring i Kaloko-åsane og renn ut i Kafubuelva.[1]

Historie endre

På staden der byen ligg budde opphavleg lambafolk, som skal ha kome hit frå noverande Tanzania. Sjølve byen blei grunnlagd i 1904 av John Edward «Chiripula» Stephenson, seks månader etter Livingstone, slik at han er den nest eldste byen frå kolonitida i Zambia. Ndola byrja som ein innhegna boma og handelsstasjon, noko som la grunnlaget for den administrative og økonomiske stillinga byen har i dag.

I 1907 nådde hovudjernbanelinja til Rhodesia Railways til byen. Passasjerar kunne reisa sørover til Bulawayo, som hadde samband med Cape Town. Linja blei forlenga inn i Kongo og etterkvart bunden saman med Benguela-jernbanen til atlanterhavshamna Lobito.

I 1961, under Kongokrisa, kræsja eit fly med høgtståande SN-personell ombord, mellom dei generalsekretæren Dag Hammarskjöld, i utkanten av Ndola.

Nasjonale monument endre

 
Slavetreet i Ndola
  • Slavetreet eller Mukuyu Slave Tree, der arabiske slavehandlarar heldt slavemarknader på 1800-talet.
  • Minnesmerke for Dag Hammarskjöld på vegen mellom Ndola og Kitwe der flyet Hammarskjöld var ombord i kræsja 18. september 1961
  • Chilengwa-sjøen 14 km aust for Ndola blei danna av at berg fall ned i ei underjordisk kalksteinsgrotte, og har lokal kulturell tyding

Kjelder endre

  1. «How The City Of Ndola Got Its Name». Henta 4. januar 2019.