Handelspost

(Omdirigert frå Handelsstasjon)

Handelspost, handelsstad eller handelsstasjon er ei busetjing eller verksemd skipa for å driva handel ein stad.[1] Typisk er slike postar blitt skipa av folk frå fjerntliggjande område for å handla med lokale, men dei kunne også brukast til handel mellom lokale innbyggjarar.[2] Handelspostar er ofte knytte til kolonisering.

Europeiske handelsstasjonar i Canton (Guangzhou), ca. 1850.
Handelspost ved Bathurst i Gambia, rundt 1900
Handelsposten Meander River i Alberta i 1956.

DømeEndra

Dei gamle grekarane hadde handelspostar kalla emporion. Romarane plasserte ei mengd strategiske handelspostar langs handelsruter som dei kalla emporia.[3]

Hanseatiske kontor var handelsstasjonar skipa av Hansaen i byar der dei dreiv handel.[4]

Langs norskekysten blei det oppretta handelsstader for å driva fiskehandel frå mellomalderen. Desse hadde handelsprivilegium, og var regulerte til å liggja ei norsk mil unna kvarandre. I tillegg til kjøp og sal av fisk blei det også drive handel med nyttegjenstandar, øl og brennevin. Ein kunne også overnatta eller ligga til kai på desse stadene når det var nødvendig.[5]

Manhattan og Singapore blei begge skipa som handelspostar, av høvesvis nederlendaren Peter Minuit i 1624 og engelskmannen Stamford Raffles i 1819. Med tida utvikla dei seg til storbyar.[6][7]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. «handelspost» i Det Norske Akademis ordbok
  2. Trading post; Factory - Webster's Encyclopedic Unabridged Dictionary of the English Language, 1989
  3. «Trade between the Romans and the Empires of Asia», www.metmuseum.org, henta 16. juli 2022 
  4. «Hanseatic League», BBC News, henta 16. juli 2022 
  5. Helland, Frode Inge (16. september 2021). «handelssted». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. Matt Soniak (October 2, 2012). «Was Manhattan Really Bought for $24?». Mental Floss. Arkivert frå originalen 12. februar 2020. Henta 11. mai 2020. 
  7. Mun Cheong Yong; V. V. Bhanoji Rao (1995). Singapore-India Relations: A Primer. NUS Press. s. 3. ISBN 978-9971-69-195-0.