Nea-Nidelvvassdraget

vassdrag i Trøndelag

Nea-Nidelvvassdraget er eit vassdrag i kommunane Tydal, Selbu, Klæbu og Trondheim i Trøndelag. Vassdraget har eit nebørsfelt på 3100 km² og strekkjer seg 160 km frå svenskegrensa i Sylan og ut til Trondheimsfjorden. Statkraft har gjennom oppkjøpet av Trondheim Energiverk 14 kraftverk i vassdraget som er sterkt regulert, og den totale produksjonen er 2581 GWh (2004). Utbygginga byrja alt i 1890 med utbygginga av Øvre Leirfoss kraftverk.

Viktige elvar i Nea-Nidelvvassdraget er Nidelva, Nea, Rotla, Lødølja og Tya. Av større innsjøar finn ein Sylsjøen, Nesjøen, Stugusjøen, Finnkoisjøen og Selbusjøen.

Nidelvvassdraget var Fokusvassdrag 2007. Dette er ei merksemd frå NVE for å bevare og oppgradere norske vassdrag.

Bakgrunnsstoff endre