Nefertiti (fødd ca. 1370 f.Kr., død ca. 1330 f. Kr.) var ei dronning i det gamle Egypt frå 1353 f.Kr. til 1336 f.Kr. Ho var den viktigaste kona til faraoen Akhnaton. Frå det 13. regjeringsåret til Aknanton forsvinn Nefertiti frå kjeldene. Nefertiti og ektemannen er særleg kjende for å ha gjennomført ein religiøs revolusjon i det gammalegyptiske samfunnet ved at dei samla seg om berre éin guddom, nemleg Aton («solskiva»).

Nefertiti

Føddca. 1370 f.Kr.
Theben
Dødca. 1330 f.Kr.
Amarna
TittelDronning, farao
Alle titlarGreat Royal Wife
Hus eller slektdet attande egyptiske dynastiet
LandEgypt i oldtida
FarKheperkheprure Ai
EktefelleAkhnaton
BarnNeferneferuaten Tasherit, Neferneferure, Setepenre, Meritaten, Meketaten, Ankhesenamon

Biografi endre

 
Faraoen Akhnaton og Nefertiti, ei av konene hans, leikar med tre av døtrene sine. Relieff frå Amarna-tida frå det 18. egyptiske dynastiet, ca. 1350 f.Kr. Dronninga er iført blå krone som på bysta og kalasiris (ettersitjande kjole), kongen har khepresh (kongekrone) og schenti (lendeklede). Mellom farao og donningen er solguden Aton avbilda med strålevifte.

Opphavet til Nefertiti er ukjent. Ein hypotese er at ho var dotter av Ay, som seinare vart farao etter Tutankhamon. Det har òg vore foreslått at ho kan ha vore av utanlandsk opphav. Nefertiti og Akhnaton fekk seks døtrer; Meritaten, Meketaten, Ankhesenpaaten (seinare Ankhesenamun), Neferneferuaten Tasherit, Neferneferure og Setepenre. I løpet av Akhnatons regjeringstid vart det reist fleire tempel i Karnak i Teben, og eitt av dei vart dediserte til Nefertiti. Her er Nefertiti avbilda på fleire relieff. Etter kvart forsvinn ho frå kjeldene. Ein teori er at ho fall i unåde og vart erstatta, anten av ei av døtrene eller av ei av dei andre konene til Akhnaton. Det finst òg forskarar som meiner at ho kan ha vorte regent og opphøgt til kvinneleg farao, slik som mellom anna Hatshepsut. Grava til Nefertiti er aldri vorte funnen. Eit forslag går ut på at ho kan vera den eine av to kvinnelege mumiar i grav KV 35 i Kongedalen, eller at grava hennar kan vera gøymd bak gravkammeret i Tutankhamon si klippegrav på same stad. Eit anna forslag er at Nefertiti kan vera gravlagd i Amarna.[1]

Nefertiti-bysta i Berlin endre

Nefertiti er særleg kjend gjennom ei berømt måla portrettbyste av kalkstein og gips som står i Egyptisk museum i nordfløya av Neues Museum i Berlin. Ho vart funnen av tyske arkeologar i 1912 i Akhetaten, saman med fleire andre fragment og deler av statuar. Bysta vart gitt til museet av forretningsmannen James Simon (1851–1932). Skulpturen har ingen inskripsjonar, men viser dronninga med ei høg, blå krone som opphavleg og ein brei ringkrage. Krona var pryda med uraeusslange framme og er truleg unik for dronninga. Bysta har vorte eit ikonisk symbol både på det gamle Egypt og byen Berlin. Samtidig har dei levande, slanke og elegante andletstrekk til dronninga og den bøtteforma krona hennar vorte eit «varemerke» for henne sjølv.

Kjelder endre

  1. Sande, Siri & Bettum, Anders & Torkveen, Henrik. (31. januar 2016). Nefertiti. I Store norske leksikon. Hentet 12. mars 2017.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nefertiti