Nellee Hooper
Nellee Hooper (fødd 15. mars 1963) er ein britisk produsent, remixer og låtskrivar som har arbeidd med mange store artistar frå slutten av 1980-åra. Han har òg skrive musikk for filmar, mellom anna i lag med Craig Armstrong og Marius De Vries for Baz Luhrmann-filmen Romeo + Juliet i 1996.
Nellee Hooper | |||
Fødd | 15. mars 1963 (61 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bristol i England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Electronica, trip hop, rock, house | ||
Tilknytte artistar | The Wild Bunch, Sinéad O'Connor, Soul II Soul, Björk, Massive Attack, Madonna, Gwen Stefani, Smashing Pumpkins, Paloma Faith, U2 | ||
Verka som | komponist, musikkprodusent | ||
Sambuar med | Erica Packer |
Hooper har produsert seks Grammy-vinnande album for artistar som Smashing Pumpkins, U2 (beste song og album), Soul II Soul og Sinead O'Connor. Han har òg vunne prisen for beste produsent av musikkmagasinet Q.
Biografi
endreHooper var fødd i Bristol og starta karrieren som DJ og medlem av Wild Bunch, eit Bristol-basert band som sidan skulle bli Massive Attack.
Mellom 1989 og 1992 produserte han debutalbuma for Soul II Soul (Club Classics Vol. I), Massive Attack (Blue Lines) og Björk (Debut), som i magasinet Mixmag i 1995 vart rangerte til 31., 1. og 3. beste dance-album gjennom tidene.
Under BRIT Award i 1995 fekk Hooper prisen for beste produsent for arbeidet med Massive Attack-albumet Protection, Björk sitt Post og Madonna sitt Bedtime Stories.
I 1998 vann han ein BAFTA-bris for musikken til Baz Luhrmann-filmen Romeo + Juliet.
Hooper fortsette arbeidet i 2000-åra. Han vart nominert til ein Grammy i 2003 for arbeidet sitt med No Doubt-albumet Rock Steady og Lamya sitt Learning From Falling. Han har òg produset singlane «GoldenEye» (1995) for Tina Turner, «Under the Bridge» (1998) for All Saints og «Down Boy» (2002) for Holly Valance, i tillegg til å ha remixa artistar som Janet Jackson og Sade.
Han arbeidde med Gwen Stefani på soloalbuma hennar og på U2-albumet How to Dismantle an Atomic Bomb i 2004, som han vann ein Grammy for. Han har òg prpodusert debutalbumet til Andrea Corr frå The Corrs, kalla Ten Feet High frå 2007.
Prisar
endreGrammy-vinnarar
endreSoul II Soul 1989
Soul II Soul-albumet Club Classics Vol. One i 1989.
Sinead O'Connor 1991
Sinead O'Connor tok prisen for beste alternative musikk med I Do Not Want What I Haven't Got.
Smashing Pumpkins 1997
Singelen «The End Is the Beginning Is the End» vann prisen for beste hardrocksong.
U2 2006
How to Dismantle an Atomic Bomb vann prisen for årets album.
Utvald diskografi som produsent
endre- «The End Is the Beginning Is the End» (The Smashing Pumpkins)
- «The Beginning Is the End Is the Beginning» (The Smashing Pumpkins)
- «Perfect» (Nellee Hooper Mix) (The Smashing Pumpkins)
- «Wonderful Life» (Gwen Stefani)
- «Early Winter» (Gwen Stefani)
- «#1 Crush» (Nellee Hooper Remix) (Garbage)
- «What You Waiting For?» (Gwen Stefani)
- «Luxurious» (Gwen Stefani)
- «The Real Thing» (Gwen Stefani)
- «Danger Zone» (Gwen Stefani)
- «Hella Good» (No Doubt)
- «It's My Life» (No Doubt)
- «Running» (No Doubt)
- «Sometimes You Can't Make It on Your Own» (U2)
- «Hold Me, Thrill Me, Kiss Me, Kill Me» (U2)
- «If God Will Send His Angels» (U2)
- «GoldenEye» (Tina Turner)
- «6 Underground» (Nellee Hooper Edit) (Sneaker Pimps)
- «Gabriel» (Nellee Hooper Mix) (Lamb)
- «Keep on Movin'» (Soul II Soul)
- «Back to Life» (Soul II Soul)
- «Get A Life» (Soul II Soul)
- «It's Oh So Quiet» (Björk)
- «Big Time Sensuality» (Björk)
- «Ordinary Girl» (LOLENE)
- «Hyperballad» (Björk)
- «Venus as a Boy» (Björk)
- «Violently Happy» (Björk)
- «Isobel» (Björk)
- «Human Behaviour» (Björk)
- «Army of Me» (Björk)
- «Sweet Sweet Intuition» (Björk) – «It's Oh So Quiet» b-side
- «Down Boy» (Holly Valance)
- «Under the Bridge» (All saints)
- «Black Mona Lisa» (Lamya)
- «Empires» (Lamya)
- «Bedtime Story» (Madonna)
- «I Want You» (Madonna med Massive Attack)
- «Sanctuary» (Madonna)
- «Inside of Me» (Madonna)
- «Survival» (Madonna)
- «Forbidden Love» (Madonna)
- «Got Til It's Gone» (Nellee Hooper Master Mix) (Janet Jackson med Q-Tip og Joni Mitchell)
- «Where Are You Now» (Nellee Hooper Mix) (Janet Jackson)
- «Feel No Pain» (Nellee Hooper Remix) (Sade)
- «Empires» (Lamya)
- «Young Hearts Run Free» (Kym Mazelle)
- «Nothing Compares 2 U» (Sinéad O'Connor)
- «Shame on You» (Andrea Corr)
- «I Need Your Lovin'» (12" extended remix) (Alyson Williams)
- «Fall to Grace» (Paloma Faith)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nellee Hooper» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Nellee Hooper ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Biografi på Allmusic
- Biografi på Discogs
- Nellee Hooper Arkivert 2009-03-01 ved Wayback Machine. på VH1
- Filmar på Yahoo! Movies