Nelson Lakes nasjonalpark
Nelson Lakes National Park ligg på Sørøya på New Zealand.
Nelson Lakes nasjonalpark | |||
park | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Tasman | ||
Del av | Nelson Bays | ||
Nelson Lakes National Park 42°02′31″S 172°36′29″E / 42.042°S 172.608°E | |||
Wikimedia Commons: Nelson Lakes National Park |
Parken vart oppretta i 1956 og dekkjer 1 020 km². Han ligg kring to større innsjøar, Rotoiti og Rotoroa, og omfattar også dalstrôk omkring, som til dømes langs elvene Travers, Sabine og D'Urville, dei øvre elvefara til Matakitaki, i tillegg til fjellrekkjer som Saint Arnaud Range og Mount Robert. Parken er eit populært område for camping, fotturar og sportsfiske.
Parken er administrert av det newzealandske miljødepartementet, Department of Conservation (DOC), som òg driv eit informasjonssenter i Saint Arnaud, der ein kan få oppdatert og påliteleg informasjon om alle aspekt ved nasjonalparken.[1]
Tilkomst til parken
endreHovudtilkomsten til Nelson Lakes National Park er frå Lake Rotoiti og busetnaden Saint Arnaud, ved Highway 63, om lag 100 kilometer frå både Nelson og Blenheim. Ei anna rute går frå Lake Rotoroa, og tek av frå New Zealand State Highway 6 ved Gowanbridge. Der er bussruter mellom Saint Arnaud, Nelson, Blenheim og Picton.
Aktivitetar
endreDei største leirplassane er ved breiddene til Lake Rotoiti, der er òg mindre plassar ved Lake Rotoroa.
Der er eit nettverk av fotturruter gjennom parken. Rutene varierer frå korte naturstiar ved Lake Rotoiti og Lake Rotorua, til fleire dagars villmarksturar. Av dagsturar er runden kring Lake Rotoiti, og turar opp på Saint Arnaud Range og Mount Robert. Dei mest populære langdistanserutene er Travers-Sabine Circuit og andre rundar kring Lake Angelus [2].
Andre aktivitetar i parken er fjellklatring, båtsport, sportsfiske og terrengsykling.[3]
Rotoiti Mainland Island
endreRotoiti Mainland Island er eit prosjekt som består av 825 hektar bøkeskog kring Lake Rotoiti. Prosjektet tek sikte på å fjerna innførte skadedyr som røyskatt, pungrev, veps og gnagarar, og oppattretta naturleg vokster av skogar og dyreliv.
Sjå òg
endreReferansar
endre- ↑ «Walks in Nelson Lakes National Park» (PDF). Department of Concervation. Februar 2012. Henta 23. juni 2013.
- ↑ «Travers-Sabine Circuit». Department of Concervation. 2013. Henta 23. juni 2013.
- ↑ «Nelson Lakes area MTB Trails» (PDF). Department of Concervation. Henta 23. juni 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Nelson Lakes National Park frå Department of Conservation
- Friends of Rotoiti - ei frivillig gruppe som kjempar mot skadedyr.