Pungrev

pattedyrart
Pungrev
Pungrev
Pungrev
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av pungrev
Utbreiinga av pungrev
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Diprotodontia
Familie: Phalangeridae
Underfamilie: Phalangerinae
Stamme: Trichosurini
Slekt: Pungrevslekta Trichosurus
Art: Pungrev T. vulpecula
Vitskapleg namn
Trichosurus vulpecula

Pungrev, revekusu eller berre kusu (Trichosurus vulpecula) er eit pungdyr i pungrevslekta, som høyrer til familien klatrepungdyr. På engelsk er han kjend som possum eller common brushtail possum.

Pungrev kan ha ei kroppslengd på 32–58 cm[1] og ein hale på 24–40 cm.[2] Dyra veg 1,2-4,5 kg.[2] Hannar er som regel større enn hoer.

Pelsen er tjukk og mjuk med ulike fargevariantar som kjem an på underart og kjønn. Fargane kan vera sølvgrå, brun, svart, raud eller kremfarga. Undersida er typisk lysar, medan halen som regel er brun eller svart.[1][2] Snuten har svarte flekkar. Hannar kan ha raudlege område ved skuldrene.

Øyrene er store og spisse. Halen er buskete og fleksibel; pungreven kan bruka han til å gripa greiner med.[1][2] Framføtene har skarpe klør. «Stortærne» på bakføtene har ikkje klør, men har stor gripeevne.[2] Tredje og fjerde tå har vokse saman, og blir brukt av dyret til å stella seg.[2]

Som dei fleste pungdyr har hoer ein velutvikla, framoveropnande pung til å ha avkommet i.[1] Begge kjønn har ein kjertel på brystet som gjev ut eit raudleg sekret og farger området rundt. Sekretet blir brukt til å markera territorium.[3]

Pungreven er nattaktiv. Han et hovudsakleg plantekost, sjølv om han også kan eta smådyr. Dyra kan leva i skogar, særleg med eukalyptustre, eller i ope landskap.

Pungrev stammar frå Australia og australske øyar, som Tasmania. Han er eit av dei vanlegaste pungdyra i Australia,[4] og blir ofte sett også i byar. Arten er også blitt innført på New Zealand, der han er blitt ein invasiv art som gjer stor skade på lokalt planteliv og jordbruk.

Dyret er blitt fanga av menneske på grunn av pelsen. Det blei introdusert til New Zealand både som pelsdyr og ei mogleg matkjelde, men utvikla seg etterkvart til eit stort skadedyr der. I Fastlands-Australia er pungrev no freda, medan det kan fellast i jaktsesongen på Tasmania, eller av jordbrukarar med fellingsløyve.[3] På New Zealand blir det drive storstilt jakt og giftontroll mot dyret, men populasjonen verker likevel vera stabil.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Nowak, R.M. (1991) Walker’s Mammals of the World. The Johns Hopkins University Press, Baltimore and London.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Cronin, L. (2008) Cronin’s Key Guide Australian Mammals. Allen & Unwin, Sydney.
  3. 3,0 3,1 Meyer, Grace (2000). «Trichosurus vulpecula (silver-gray brushtail possum)». Animal Diversity Web. University of Michigan Museum of Zoology. Henta 9 July 2011. 
  4. «pungrever» i Store norske leksikon, snl.no.