Nemo Cove
Nemo Cove er ei vik midtvegs langs austsida av Pourquoi Pas Island, utanfor vestkysten av Graham Land. Ho vart først kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Ho vart kartlagd på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og kalla opp etter kaptein Nemo, som laga og var kaptein på Nautilus i Jules Verne-romanen En verdensomseiling under havet. Andre terrengdetaljar på øya er kalla opp etter karakterar i denne boka.
Nemo Cove | |||
vik | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 67°43′S 67°18′W / 67.717°S 67.300°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Nemo Cove 67°43′00″S 67°18′00″W / 67.7167°S 67.3°W | |||
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Nemo Cove» (innhald frå Geographic Names Information System).