Nephin Beg-fjella

Nephin Beg-fjella eller Nephin-fjella (engelsk Nephin Beg Range eller Nephin Mountains)[1] er ei fjellkjede i County Mayo i Republikken Irland. Ho går vest frå fjellet Nephin (806 m) til Claggan Mountain (383 m), nord for Mulranny.[2]

Nephin Beg-fjella
Nephin-fjella sett frå Corranabinnia
Land  Irland
Provins Connacht
Høgaste punkt Nephin
Høgd 806 m

Kjeda omfattar mellom anna toppane Nephin (den høgaste toppen), Nephin Beg, Slieve Carr, Birreencorragh og Corranabinnia/Cushcamcarragh. Nephin-skogen er ein skog på 4 843 hektar forvalta av skogbruksverksemda Coillte.

Det går fleire turruter gjennom fjellkjeda, som Bangor Trail, Letterkeen loop walks og The Great Western Greenway.[2]

References

endre
  1. O'Hara, Bernard. Mayo: Aspects of Its Heritage. Archaeological,Historical & Folklore Society, 1982. p.207
  2. 2,0 2,1 «Nephin Beg mountains», Destination Westport (på engelsk), henta 9. juni 2020 

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Nephin Beg-fjella