Nes i Bjugn
tidlegare kommune i Sør-Trøndelag fylke i Noreg
(Omdirigert frå Nes i Sør-Trøndelag)
Nes er ein tidlegare sjølvstendig kommune i tidlegare Sør-Trøndelag fylke, frå 1837 ein del av Ørland formannskapsdistrikt, sidan ein del av Bjugn kommune då denne vart skilt ut som eigen kommune i 1853.
1. januar 1899 vart Nes frådelt som eigen kommune, og hadde då 1 258 innbyggjarar. (På same tidspunkt vart også Stjørna (Skjørn) frådelt Bjugn.)
1. januar 1964 vart Nes, Bjugn, Jøssund og Stjørna (Nord-Stjørna) samanslegne til den nye Bjugn kommune. Nes hadde då 1 107 innbyggjarar.