Opna hovudmenyen

Stjørna (Skjørn) er ein tidlegare sjølvstendig kommune i tidlegare Sør-Trøndelag fylke, no delt mellom Bjugn og Indre Fosen kommunar.

Stjørna var frå 1837 ein del av Ørland kommune, men følgde med då Bjugn vart utskild frå Ørland som eigen kommune i 1853. Stjørna (Skjørn) vart eigen kommune 1. januar 1899 då Bjugn vart delt i tre kommunar: Bjugn, Nes og Stjørna. Stjørna hadde då 2166 innbyggjarar. Senteret i kommunen var Husbysjøen.

1. januar 1964 vart Stjørna kommune delt og slegen saman med andre kommunar. Den sørlege delen (Sør-Stjørna) med 868 innbyggjarar vart samanslegen med Rissa kommune og det meste av Stadsbygd til den nye Rissa kommune.

Den nordlege delen (Nord-Stjørna) med 676 innbyggjarar vart samanslegen med Bjugn, Jøssund og Nes kommunar til den nye Bjugn kommune.

Stjørna hadde eigen sparebank 1886-1975. Banken vart stifta som Skjørn Spare- og Låndeindretning, og skifta namn til Stjørna Sparebank i 1925. Den fusjonerte med Trondhjems og Strindens Sparebank i 1975, men dreiv vidare under eige namn til ein ny fusjon i 1985.

Selskapet Ny Jord oppretta bureisinggsområde i Stjørna, og det vart rydda ei rekkje gardsbruk på 1920-talet- og 30-talet.

Bryggerekkjene i Råkvåg i Stjørna er eit populært kulturminne, og har gjeve opphav til mykje rorbu- og kulturturisme.

Kjende personar frå StjørnaEndra