Opna hovudmenyen

Nes kyrkje i Sauherad

kyrkje i Sauherad kommune i Telemark

Koordinatar: 59°22′14″N 9°13′17″E

Nes kyrkje
kyrkje
Nes Kirke (Sauherad Telemarken).JPG
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Nes
Fellesråd Sauherad
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Material Stein
Innvigd 14. september, ukjend år
 - Vigd til Peter og Paulus
 - Endringar påbygd 1850 og 1868, restaurert 1938/1954
Tårn Bygd i 1868
Portal Av marmorliknade kalkstein
Kor Dekorert med freskomåling frå tidleg 1300-tal
Kyrkjegard det er kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol I tre, frå 1663
Døypefont I tre, av Øystein Torshøl, 1938.
Altartavle «Krossfestinga» frå 1661
Sitjeplassar 170
Wikimedia Commons: Nes kirke (Sauherad)

Nes kyrkje er ei langkyrkje bygd i perioden 1100–1150 i Sauherad kommune i Telemark. Kyrkja ligg på Neshaugen på neset Nesodden som stikk ut i Norsjø, om lag midt mellom Gvarv og Akkerhaugen. Ho er bygd i stein og har 170 sitjeplassar.

I fylgje ei gammal segn var dei tenkt å byggje kyrkja på ein haug litt unna der kyrkja vart liggjande, og dei hadde frakta stein og tømmer dit til bygginga. Då dagen kom for å starte oppføringa fann dei ikkje vyrket der dei hadde lagd det, alt vart attfunne på Neshaugen. Det tok dei som eit teikn på at det var der kyrkja skulle liggje. Liknande segner finst om kyrkjer andre stader òg.

KjelderEndra

  • Red: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7

BakgrunnsstoffEndra