Gvarv er ein tettstad i Sauherad i Midt-Telemark kommune i Telemark.

Gvarv
tettstad
Gvarv stasjon
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Midt-Telemark
Areal 1,31 km²
Folketal 1 096  (2023)
Folketettleik 837 / km²
Postnummer 3810 GVARV
Preposisjon Gvarv
Kart
Gvarv
59°23′15″N 9°10′21″E / 59.3875°N 9.1725°E / 59.3875; 9.1725
Wikimedia Commons: Gvarv

Han var den største tettstaden i Sauherad kommune i Midt-Telemark. Han ligg ved den nordvestre enden av innsjøen Norsjø, om lag 7 km aust for , 30 km sør Notodden og 45 km nordvest for Skien.

Namnet Gvarv skal kome av gamalnorsk hvarf ('krumming'), og skal vise til svingen Bøelva tek der.[1]

Historie endre

Gvarv har vore tingstad heilt frå førhistorisk tid. Ting vart halde på Tinghaug, like aust for Gvarv, fram til midt på 1800-talet, då tingstaden vart flytt inn til sjølve Gvarv. Nedre Telemark tingrett vart nedlagd i 2007, og dermed var ein eldgammal tradisjon forbi.

Dampskipstrafikken på Norsjø og bygginga av Telemarkskanalen gjorde Gvarv til ein betydeleg handels- og møtestad. Saude og Nes sparebank var Sauherads første bank, og heldt til på Gvarv frå skipinga i 1867 til han vart flytta til Akkerhaugen i 1904.

I 1922 fekk staden jarnbanetrafikk, då strekninga Nordagutu-Gvarv på Sørlandsbanen vart ferdig, og det sette ytterlegare fart på veksten i Gvarv. I dag stoppar ikkje toga ved stasjonen, men dei næraste stoppestadane er Bø og Nordagutu.

Geografi og økonoomi endre

Det solrike og varme klimaet sommarstid gjev gode tilhøve for frukt- og bærdyring som er ein viktig næringsveg i området. Gvarv fruktlager ligg sentralt i bygda.

Området har ei stor stamme av frittlevande bever, og det vert arrangert beversafari for turistar og andre interesserte.

Sauherad barne- og ungdomsskule, den einaste grunnskulen i kommunen, ligg på Gvarv, likesom Sagavoll folkehøgskole.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling på Gvarv
År Innbyggjarar
1930
  
226
1946
  
301
1950
  
286
1960
  
415
1970
  
627
1980
  
837
1990
  
790
2000
  
793
2009
  
943
2012
  
980
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Referansar endre

  1. Red: Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo 1997 ISBN 82-521-4905-7
  Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.