Nesodden Idrettsforening

Nesodden Idrettsforening (stifta 24. juli 1920) er eit norsk idrettslag frå Nesodden i Akershus. Klubben har ca. 1 850 medlemmar og er eit fleridrettslag med tilbod innan basketball, bordtennis, fotball, friidrett, orientering, fekting, ski og skøyter. Klubben har òg ein moderne idrettspark med friidrettsstadion, grasbane, ballbinge, undervarma kunstgrasbane, lysløype, og tilhøyrande klubbhus.

Nesodden Idrettsforening
Fullt namnNesodden Idrettsforening
KallenamnNIF
Grunnlagd24. juli 1920
HeimebaneBerger stadion
HovudtrenarHåvard Lunde
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Fotball endre

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.

I 2009 spelte laget i 3. divisjon. Dei låg godt an til å opprykk, men ein dårleg haustsesong gjorde at dei måtte spele i 3. divisjon òg i 2010, då dei vann avdelinga si og rykte opp til 2. divisjon. I 2011 slo Nesodden ut Follo i første runde av cupen. Follo hadde vore cupfinalist i 2010.

Kjende utøvarar endre

Skøyter endre

Laget var arrangør av den tidlegare offisielle Noregsmeisterskapen for Menn Senior B Allround i 1972, på Berger stadion. Meister vart Kai Roger Olsen, frå Arbeidernes Skøyteklubb, som vann meisterskapen etter tre distansesigrar og fall på 5000 m.

Løparar med medalje i senior-NM

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre