Follo Fotballklubb

Follo Fotballklubb (stifta 29. september 2000) er ein norsk fotballklubb frå Ski. Klubben er ei samanslåing av spelarar frå seks lokale klubbar: Ås, Ski, Oppegård, Langhus, Nordby og Vestby.

Follo
Fullt namnFollo Fotballklubb
Grunnlagd29. september 2000
HeimebaneSki stadion
(kapasitet: 2 016)
StyreleiarFlagget til Noreg Frank Johansen
HovudtrenarFlagget til Noreg Hans Erik Eriksen
SupporterklubbFollowers
Liga3. divisjon fotball for herrar
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Follo FK spelar heimekampane sine på Ski stadion. Klubben spelar i lyseblå drakter på heimebane, medan bortedraktene er rosa. Follo FK brukte rosa første gong då laget slo ut Rosenborg i semifinalen i cupen i 2010. Opphavet var ein kampanje for kampen mot brystkreft. Follo spelar i 3. divisjon avdeling 2 (2020). Hans Erik Eriksen er ansvarleg trenar i klubben og Hugo Pereira er assistent.

Den største prestasjon til Follo til no er å nå cupfinalen 2010 ved å slå ut Rosenborg i semifinalen. I finalen tapte dei mot Strømsgodset.

Historie endre

Follo FK starta i 3. divisjon for 2001-sesongen, og rykte direkte opp i 2. divisjon, etter å ha slått Lillestrøm 2 i kvalifiseringa. Då var Hans Knutsen og Aksel Bergo trenarar i klubben. I 2002 leia dei det nyopprykka laget til ein respektabel tredjeplass. I 2003 satsa klubben på to tidlegare fotballspelarar som trenarar og Erland Johnsen og Sindre Rekdal tok over roret.

Føre 2004 sesongen kom Aksel Bergo tilbake til klubben og Follo FK rykte opp til Adeccoligaen. Der overlevde dei debutsesongen med klar margin, men rykte i 2006 ned til 2. divisjon igjen. 2009-sesongen vart klubbens tredje på rad på det tredje høgaste nivået i Noreg. Stallen var yngre enn nokon gong, og det enda med eit noko overraskande, men fortent opprykk til Adeccoligaen med heile 14 poeng føre Hødd, Kristiansund og andrelaget til Rosenborg. I 2010-sesongen spelte laget seg fram til cupfinalen, der dei tapte 0-2 mot Strømsgodset, og kom på 12. plass i 1. divisjon. Trass i at dei rent sportsleg klarte å unngå å rykke ned, vart laget likevel tvangsnedflytta då dei ikkje hadde søkt om lisens for vidare spel i 1. divisjon.[1]

2011-sesongen starta med ei økonomisk opprydding, og klubben gjekk over til amatørkontraktar. 18 spelarar forlet klubben. Det var derfor ein god presentasjon då eit særs ungt Follo FK-lag likevel heldt plassen etter uavgjort mot Ålesund 2 i siste heimekamp. I 2012 var økonomien styrkt og nøkterne, profesjonelle kontraktar vart gjeninnført. Ungdommane var eitt år eldre og med litt forsterkingar gjekk pila berre ein veg, og Follo FK rykte på nytt opp som serievinnar av 2. divisjon.

2012-sesongen vart òg hugsa for kampfiksingssaka. Follo FK slo alarm etter mistankar om at tre spelarar på Follo FK og to i Asker var innblanda i kampfiksing. Saka synest å ha internasjonale forgreiningar og vert enno etterforska.

I 2012 starta Follo FK eit eige fotballakademi. Oppslutninga var stor. Akademiet vert leia av Hugo Pereira, tidlegare leiar av Manchester Uniteds fotballakademi i Lisboa. Klubben rekrutterte fleire erfarne trenarar til akademiet og til dei aldersbestemte laga i klubben: Rui Barrosso (Sporting Lisboa), Jorge Cordeiro (ex-Benfica) og Tom Dent (ex-Fulham).

Serie og cup plassering:
2001: 1. plass 3.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av Oslo Øst
2002: 3. plass 2.div Menn avd 1 – 1. runde NM. Slått ut av Elverum
2003: 11. Plass 2.div Menn avd 1 – 1. runde NM. Slått ut av Skjetten
2004: 1. plass 2.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av Lillehammer
2005: 11. plass Adeccoligaen – 2. runde NM. Slått ut av Strømsgodset
2006: 15. plass Adeccoligaen – Kvartfinale NM. Slått ut av Sandefjord
2007: 5. plass 2 div Menn avd 4 – 2. runde NM. Slått ut av Korsvoll
2008: 6. plass 2.div Menn avd 1 – 2. runde NM. Slått ut av Sarpsborg
2009: 1. plass 2.div Menn avd 2 – 2. runde NM. Slått ut av Vålerenga
2010: 12. plass Adeccoligaen – Sølv i NM. Slått av Strømsgodset i cupfinalen
2011: 10. plass 2.div Menn avd 2 – 1. runde NM. Slått ut av Nesodden
2012 1.plass 2. div menn avd 4 - 1. runde NM. Slått ut av Raufoss.

Kjende spelarar endre

Toppscorarar endre

År Namn Mål
2001   Espen Torgersen 17
2002   Kjell Roar Kaasa 15
2003   Kjell Roar Kaasa 12
2004   Oddmund Jacobsen Vaagsholm 19
2005   Andreas Strand 13
2006   Johan Nås 16
2007   Christian Petersen 10
2008   Bonaventure Maruti 16
2009   Bonaventure Maruti 17
2010   Eirik Markegård 13
2011   Fitim Azemi 12
2012   Eirik Markegård 19

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre