Netiv HaLamed-Heh
Netiv HaLamed-Heh (hebraisk נְתִיב הַל"ה) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg i Elahdalen i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2007 hadde kibbutzen eit folketal på 390.
Netiv HaLamed-Heh | |||
נְתִיב הַל"ה | |||
kibbutz | |||
Namneopphav: Stien til dei 35 | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | 31°41′16.5″N 34°59′01.2″E / 31.687917°N 34.983667°E | ||
Folketal | 390 (2007) | ||
Grunnlagd | 16. august 1949 | ||
• Grunnlagd av | Demobiliserte Palmach-soldatar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Netiv HaLamed-Heh 31°41′17″N 34°59′01″E / 31.687916666667°N 34.983666666667°E | |||
Kart som viser Netiv HaLamed-Heh.
| |||
Wikimedia Commons: Netiv HaLamed-Heh | |||
Nettstad: www.netiv.org.il |
Landsbyen vart grunnlagd den 16. august 1949 av demobiliserte medlemmar av Daled-kompaniet til Harel-brigaden til Palmach, og først kalla Peled (eit akronym for Plugot Daled, som tyder Daled kompani). Han vart seinare kalla opp etter 35 Haganah-soldatar som vart drepne i ein konvoi til Gush Etzion kibbutzar under borgarkrigen i Palestinamandatet 1947–1948 (Lamed-Heh er 35 på hebraisk).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Netiv HaLamed-Heh» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)