Mateh Yehuda regionale kommune
Mateh Yehuda regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מטה יהודה, Mo'atza Azorit Mateh Yehuda) er ein regional kommune i Jerusalem distrikt i Israel. I 2008 hadde han 36 200 innbyggjarar.
Mateh Yehuda | |||
regional kommune | |||
Mateh Yehuda regional kommune headquarters
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 36 200 (2008) | ||
![]() Mateh Yehuda regionale kommune | |||
Wikimedia Commons: Mateh Yehuda Regional Council | |||
Namnet på den regionale kommunen kjem frå at området i følgje Bibelen tilhøyrte Juda-stamma.
Busetnader Endra
Den regionale kommunen består av moshavim, kibbutzim, arabiske landsbyar og andre landlege busetnader i Jerusalemkorridoren, nord og sør for hovudvegen mellom Jerusalem og Tel Aviv, frå Jerusalem til Latrun og opp til området kring Beit Shemesh (Ha'eladalen) i sør.
Busetnadane varierer stort i karakter. Det er både religiøse, sekulære og blanda jødiske samfunn, to arabiske busetnader og den einaste arabisk-jødiske landsbyen i Israel, Neve Shalom. Mange av dei jødiske samfunna i Mateh Yehuda vart oppretta av emigrantar frå India, Jemen, Irak, Iran og land i Aust-Europa.
Landsbyar Endra
- Kibbutzim
- Harel · Kiryat Anavim · Ma'ale HaHamisha · Nahshon · Netiv HaLamed-Heh · Ramat Rachel · Tzora · Tzova
- Moshavim
- Aderet · Agur · Aminadav · Aviezer · Bar Giora · Beit Zeit · Beit Meir · Beit Nekofa · Bekoa · Eshtaol · Even Sapir · Gefen · Givat Ye'arim · Givat Yeshayahu · Kfar Uria · Kisalon · Luzit · Mevo Beitar · Mata · Mahsia · Mesilat Zion · Naham · Nehusha · Nes Harim · Neve Ilan · Neve Michael · Ora · Ramat Raziel · Sdot Micha · Sho'eva · Shoresh · Ta'oz · Tal Shahar · Tarum · Tirosh · Tzafririm · Tzelafon · Yad HaShmona · Yish'i · Zanoah · Zekharia
- Kommunale busetnader
- Nataf · Srigim · Tzur Hadassah
- Jødiske landsbyar
- Arabiske landsbyar
- Arabisk-jødisk landsby
- Andre busetnader
Turisme Endra
Dei viktigaste turistaktivitetane i området er fjellturar og sykling. Andre turistmål er Avshalom stalaktittgrotte, naturlege vasskjelder, historiske synagoger og geitostgardar.
Venskapsbyar Endra
Kommunar er venskapskommune med:
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Mateh Yehuda regionale kommune» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Endra
- Offisiell nettstad (he)