Netivot

Netivot (hebraisk skrift נְתִיבוֹת, «stiar») er ein by i Det sørlege distriktet i Israel mellom Beersheba og Gaza.[2] Mot slutten av 2009 hadde Netivot eit folketal på 26 700.[1]

Netivot
נְתִיבוֹת
by
PikiWiki Israel 10889 Architecture of Israel.jpg
Netivot forskingssenter
Våpenskjold
Namneopphav: Stiar
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°25′N 34°35′E
Areal 5,626 km²
Folketal 26 700 (2009) [1]
Folketettleik 4 746 / km²
Grunnlagd 1956
 - Bystatus 1996
Borgarmeister Yehiel Zohar
Map
Netivot
31°25′0″ N 34°34′0″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Netivot

HistorieEndra

 
Netivot i starten.

Netivot vart grunnlagd i 1956 som ein utviklingsby i Negev. Dei første innbyggjarane var immigrantar frå Marokko og Tunisia. I 1990-åra kom det fleire immigrantar til frå Russland og Etiopia. I mange år sleit Netivot med høg arbeidsløyse.[3] Sidan 2008 har Netivot vore mål for åtak frå Gaza med Grad-rakettar. I 2012 eksploderte ein rakett nær ein skule i byen.[4]

Eit stort landemerke er grava til Baba Sali, ein marokkanskfødd kabbalist som er gravlagd der.[5]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra