Neuköln
Song av David Bowie
frå albumet “Heroes”
Utgjeve 14. oktober 1977
Innspelt Juli–august 1977
Sjanger Ambient
Lengd 4:34
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie, Brian Eno
Produsent David Bowie, Tony Visconti

«Neuköln» er eit instrumentalt stykke skrive av David Bowie og Brian Eno i 1977 for albumet “Heroes”. Det var det siste av tre instrumentalar på rad på side to av det originale vinylalbumet, etter «Sense of Doubt» og «Moss Garden».

Neukölln (korrekt skrive med to «L»-ar) er ein bydel i Berlin. Bowie budde i Berlin ei stund i 1977, men då i Schöneberg og ikkje i Neukölln.[1] Musikken er tolka som å delvis reflektere rotløysa tyrkiske immigrantar, som utgjorde ein stor del av innbyggjarane i området, kjende på.[2] Edgar Froese, som skipa Tangerine Dream, var òg frå sørlege Neukölln. Froese-albumet Epsilon in Malaysian Pale, hovudsakleg framført på Mellotron (som Neuköln), var i følgje Bowie ei stor inspirasjonskjelde og eit «lydspor til livet hans i Berlin».[3][4][5]

NME-journalistane Roy Carr og Charles Shaar Murray skildra «Neuköln» som «eit stemningsstykke: den kalde krigen sett gjennom ei boble av blod eller Harry Lime sine siste tankar då han døyr i kloakken i The Third Man.[1] I den siste delen er det berre Bowie som spelar saksofon som «bles ut over ei einsemdshamn, som om han er gått seg vill i tåka.»[2]

Hovudkarakteren Christiane frå filmen Christiane F. - Wir Kinder auf Bahnhof Zoo, med David Bowie sjølv, er òg frå sørlege Neukölln. Bowie produserte lydsporet til Christiane F. som gav filmen ekstra merksemd.

Dylan Howe spelte stykket for albumet sitt Subterranean – New Designs on Bowie's Berlin i 2014, i to delar. Den eine delen vart kalla Neukölln - Night og den andre Neukölln - Day.

Coverversjonar endre

  • Philip Glass“Heroes” Symphony (1996)
  • Dylan HoweSubterranean – New Designs on Bowie's Berlin (2014)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.92
  2. 2,0 2,1 David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: p.325
  3. «CLASSIC TRACKS: David Bowie 'Heroes' |». www.soundonsound.com (på engelsk). Henta 19. august 2021. 
  4. «Bowie's Berlin: the city that shaped a 1970s masterpiece». History Extra (på engelsk). Henta 19. august 2021. 
  5. «ZEITGESCHICHTEN Tangerine Dream - Groove». Groove (på tysk). 26. januar 2015. Henta 19. august 2021.