Opna hovudmenyen

Neve Ur (hebraisk נְוֵה אוּר, tyder Eldoase) er ein kibbutz i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han er kalla opp etter den bibelske byen Ur Kasdim i Mesopotamia, der Abraham budde, før han drog til landet Israel (Kanaan) (1. Mos 11:31). Han ligg ved Jordanelva sør for Genesaretsjøen og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. Han har kring 350 innbyggjarar, av desse 165 barn.

Neve Ur
נְוֵה אוּר
landsby
Neve Ur.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Beit She'an-dalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°35′24″N 35°33′10″E
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Irak
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Neve Ur

GeografiEndra

Neve Ur ligg nord i Jordandalen i Beit She'an-regionen, kring 10 km nord for byen Beit She'an og 15 km sør for Genesaretsjøen.

Veg 90 som går gjennom Beit She'an-dalen forbi Neve Ur. Kibbutzen og bygningane ligg aust for vegen. På vestsida av vegen, og kring 500 meter opp i høgda, oppom sitruslundane i åssida, ligg ein av dei best bevarte krossfarar-festninga i Israel, Belvoirborga. Det hebraiske namnet på borga er Kokhav HaYarden (tyder Stjerna over Jordan), etter den nærliggande gamle jødiske landsbyen Kokhav (stjerna).

Då starten vart restaurert av nasjonalparktilsynet fann dei at mange steinane som var nytta i borga var hent opp dit frå ein synagoge i den jødiske byen Kochav frå 200-talet, 700 med nedanfor og søraust for festninga.

Muslimar kalla borga Kaukab al-Hawa (arabisk for Stjerna av vinden), og krossfararane kalla ho Belvoir (fransk for vakker utsikt). Festninga vart bygd oppom dei viktigaste elvekryssingane over elva, inkludert Naharayim.

HistorieEndra

Israel ønskte å opprette ei rekkje av vernebusetnader langs Jordanelva, frå Genesaretsjøen til Beit She'an, for å verne grensa si. Neve Ur vart grunnlagd ovanom Jordanelva frå byen Tel esh-Shuneh.

Neve Ur vart grunnlagd i 1948 og først busett i 1949 av emigrantar frå Irak. Strabasane dei møtte tvang dei til å forlate kibbutzen. Dei vart erstatta av ei gruppe unge pionerar og frivillige. I 1952 kom ei gruppe emigrantar frå Ungarn og Polen og oppretta ei gruppe i Neve Ur.

Sidan kibbutzen låg ved Den grøne linja, grensa til Vestbreidda, var han særs utsett for åtak av palestinsk fedayeen i tida då Vestbreidda var okkupert av Jordan. Under utmattingskrigen vart Neve Ur råka nesten dagleg av bomber eller skyting, hovudsakleg retta mot arbeidarane på marka. I april 1991 kom ei gruppe terroristar frå Hamas seg gjennom forsvarsverket til kibbutzen og drap ein arbeidar i ein frukthage og tok livet av tre andre.

ØkonomiEndra

Kibbutzen dyrkar hovudsakleg sitrusfrukt, inkludert pompelmus, sitron, appelsin, raud grapefrukt og avl av kylling og kalkun. Kibbutzen har òg ein stor mjølkeproduksjon og ein fiskedam.

KjelderEndra