Abraham

mannsnamn

Abraham er eit mannsnamn av hebraisk opphav som tyder Far/leiar av mange. Det opphavlege namnet אַבְרָהָם blir på klassisk hebraisk uttala [ʾAḇrāhām], på askenasisk hebraisk [Avróhom] og på israelsk hebraisk [Avraham]. Namnet finst på arabisk i forma ابراهيم [Ibrahim].

Den første dokumenterte bruken av Abraham finn me i Bibelen, der Gud gjev namnet, og ein lovnad om land og mange etterkomarar, til den trufaste tenaren sin Abram. Den bibelske Abraham blir derfor rekna som stamfaren til det jødiske folket gjennom sonen Isak. Han blir òg rekna som stamfar til muslimane gjennom sonen Ismael.

Abraham har namnedag den 20. desember i Noreg og 18. desember i Sverige.

Kjende namneberarar

endre

Bakgrunnsstoff

endre