Nevin Yanıt (fødd 16. februar 1986) er ein tyrkisk friidrettsutøvar som har tevla internasjonalt i 100 meter hekk og på 100 meter. Ho vart europameister på korthekken både i 2010 og 2012.

Nevin Yanıt


Nevin Yanıt under friidretts-EM 2010 i Barcelona]]

Statsborgarskap Tyrkia
Fødd 16. februar 1986 (38 år)
Mersin
Idrett 60 meter hekk, friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Aktiv

endre

Yanıt deltok i VM i friidrett 2007 i Osaka, men vart slått ut i semifinalane på 110 m hekk. Også under Sommar-OL 2008 i Beijing rauk ho ut i semifinalane. Det same skulle gjenta seg ved friidretts-VM 2009 i Berlin.

Under EM i friidrett 2010 i Barcelona vann Yanıt gullmedaljen i 110 meter hekk på tyrkisk rekordtid, 12,63 sekundar, med irske Derval O'Rourke og tyske Carolin Nytra på dei andre medaljeplassane. To år seinare forsvarte ho EM-titelen under meisterskapen i Helsingfors. Nokre veker etter Helsingfors-EM kom ho på femteplass i hekkeøvinga under Sommar-OL 2012 i London på tyrkisk rekord, 12,58 sekundar.

Doping

endre

I august 2013 vart Yanıt utestengd frå idrett i to år, etter ei postiv dopingprøve frå februar same året.[1][2]

Referansar

endre
  1. «Nevin Yanıt» (på engelsk). Olympedia. Henta 16. mars 2023. 
  2. «Doping Irregularities at the Olympics» (på engelsk). Olympedia. Henta 16. mars 2023. «Nevin Yanıt: 2012 London – 100m hurdles (5) – Tested positive for Stanozolol in 2013. An investigation revealed multiple doping violations dating back to June 2012. In 2017 the IOC revealed she had also tested positive for an illegal substance at the 2012 Olympics.» 

Kjelder

endre