New Nintendo 3DS er ein handhalden spelkonsoll utvikla av Nintendo. Konsollen vart annonsert for første gong 29. august 2014 og lansert 11. oktober 2014 i Japan og 13. februar 2015 i Europa og Nord-Amerika.[1][2]

New Nintendo 3DS


ProdusentNintendo
LanseringJP: 11. oktober 2014
NA: 13. februar 2015
EU: 13. februar 2015

New Nintendo 3DS har nokre forbetringar i maskinvaren samanlikna med den opphavlege Nintendo 3DS frå 2011. Konsollen har oppgraderte prosessorar og auka RAM i høve originalen, bruker ansiktssporing med frontkameraet for å reprodusere ein meir stabil 3D-effekt og har to ekstra skulderknappar og ei ekstra analog stikke på høgresida av konsollen.[3] I likskap med Nintendo 3DS, har New Nintendo 3DS ein større variant med større skjermar, New Nintendo 3DS XL (kjend som New Nintendo 3DS LL i Japan). Den minste varianten av New Nintendo 3DS har utskiftbare deksel og primærfarga ABXY-knappar.

Nokre spel er eksklusive for New Nintendo 3DS på grunn av den forbetra maskinvara i konsollen, mellom anna Xenoblade Chronicles 3D. New Nintendo 3DS kan også spele av utvalde spel frå Super Nintendo Entertainment System gjennom Virtual Console.[4]

Kjelder endre

  1. «Nå får Nintendo 3DS nok en nyutgave». Gamer.no. Henta 1. februar 2017. 
  2. «New Nintendo 3DS har fått Europa-dato». Gamer.no. Henta 31. januar 2017. 
  3. «Nintendo announces new 3DS and 3DS XL designs with extra buttons, improved CPU». Eurogamer. Henta 31. januar 2017. 
  4. «SNES games come to New 3DS Virtual Console». Eurogamer. Henta 31. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff endre