Newbrough
Newbrough er ein landsby i Northumberland i England, ved nordbreidda av elva South Tyne rundt 5 mile (8 km) nordvest for Hexham.
Newbrough | |||
busetnad | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Fylke | Northumberland | ||
Kommune | Warden parish | ||
Folketal | 592 (2021)[1] | ||
Newbrough 55°00′20″N 2°11′55″W / 55.0055°N 2.1985°W | |||
Wikimedia Commons: Newbrough |
Historie
endreNewbrough er staden for nokre av dei mange romerske festningane langs den opphavlege nordlege grensa til den romerske Stanegate-vegen som blei bygd i år 71. Kyrkja i Newbrough, St Peter's Church, er bygd på staden til ein av festningane.[2][3][4]
Newbrough var i eldre tid del av Manor of Thornton. Eit bustadtårn (tower house) kjent som Thornton Tower blei rapportert på staden, men blei sagt å vera i forfall i 1541. Bygningen er no heilt i ruinar, men er verna med Grade II.
Newbrough Hall er eit herskapshus frå tidleg 1800-tal. Det er verna som Grade II*.
Newbrough Town Hall er rekna som ein av dei flottaste i Tynedale. Rådhuset stod ferdig i 1878, og blei omvølt i 1998.[3]
Women's Institute-bygningen, tidlegare Mechanics Institute, blei bygd i 1854 og er verna som Grade II. I 1948 blei han gjeven til Newbrough Women's Institute (WI), som var blitt skipa i 1923.[5][6] I 2000 gav WI bygningen til Town Hall. Foreininga har no møte i Town Hall, noko ho også gjorde før 1948.[7]
Ei mile nord for landsbyen ligg ein bekk kalla Meggie's Dene. Dette skal vera staden ei heks på 1500-talet kalla Old Meg blei gravlagd.[8]
Landsbyen har ein barneskule, Newbrough CE First School, Han er tilknytt Church of England.[9]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ «Welcom to Newbrough». fourstonesandnewbrough.co.uk. Henta 3. mai 2022.
- ↑ 3,0 3,1 «Village website (Fourstones & Newbrough)». Henta 20. november 2008.
- ↑ «Hadrians Wall country». Arkivert frå originalen 11 September 2005. Henta 20. november 2008.
- ↑ Historic England. «Women's Institute, Newbrough (1045014)». National Heritage List for England. Henta 9. november 2015.
- ↑ «Newbrough». NationalFederation of Women's Institutes. Henta 9 November 2015.
- ↑ «Newbrough WI». Fourstones and Newbrough Village Noticeboard. Henta 9. november 2015.
- ↑ «Hexham Courant - News - Business - Home's history carved from rich seam of mining industry». Hexham Courant. 8 May 2008. Arkivert frå originalen 4. september 2014. Henta 27. august 2014.
- ↑ «Newbrough CE First School». Henta 22. november 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Newbrough» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2022.