Newtonmore
Newtonmore (skotsk-gælisk Baile Ur an t-Slèibh) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1000 innbyggjarar. Han ligg i Badenoch-området ved elva Spey, like sørvest for Kingussie. Newtonmore er innanfor Cairngorms nasjonalpark, og turisme er ein viktig næringsveg.
Newtonmore | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Baile Ùr an t-Slèibh | |
Ei gate i Newtonmore. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Highland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
982 | |
Koordinatar | 57°4′N 4°7′W / 57.067°N 4.117°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PH20 | |
Newtonmore var ein av stadane der det vart gjort opptak til TV-serien Kar for sin kilt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Newtonmore» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.