Newtownabbey
Newtownabbey (Baile Úr na Mainistreach) er ein stor forstad nord for Belfast i County Antrim i Nord-Irland. Han er skild frå resten av Belfast av Cavehill og Fortwilliam golfbane. Newtownabbey storbyområdet dekkjer det meste av soknet Carnmoney. Han oppstod som ein new town i 1958 då fleire små landsbyar og eigedomar vart slått saman. Desse er blant andre: Carnmoney, Glengormley, Jordanstown, Monkstown, Rathcoole og Whiteabbey.
Newtownabbey | ||
---|---|---|
Rathcoole i Newtownabbey | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Nord-Irland | |
Region | County Antrim | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
64 973 | |
Koordinatar | 54°39′N 5°54′W / 54.650°N 5.900°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BT36, BT37 | |
Telefon-retningsnummer | 028 | |
Newtownabbey storbyområde har opp mot 65 000 innbyggjarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Newtownabbey» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2011.