Newzealandsk teiknspråk
Newzealandsk teiknspråk (New Zealander Sign Language, NZSL) er eit teiknspråk som primært blir brukt i kommunikasjon med og blant døve på New Zealand. Språket har om lag 24 000 brukarar, og er eitt av tre offisielle språk på New Zealand.[2]
Newzealandsk teiknspråk | ||
Klassifisering | Teiknspråk | |
Bruk | ||
Tala i | New Zealand | |
Newzealandsk teiknspråktalande i alt | New Zealand (9 000[1]-24 000[2]) | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | New Zealand | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | nzs |
Sidan språket er utvikla frå BANZSL, kan dei som snakkar newzealandsk teiknspråk ha godt håp om å gjere seg forstått blant andre brukarar av BANZSL-teiknspråk.[2][3] Språket skil seg frå dei andre BANZSL-språka mellom anna ved å ha ord for ulike maoriomgrep.[2]
Fotnotar
endre- ↑ Ethnologue: Deaf Population New Zealand
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 About Sign Language, arkivert frå originalen 14. juli 2014, henta 12. juli 2014
- ↑ What is BANZSL