Opna hovudmenyen

Nicholas Jonathan Anselm Williams (fødd oktober 1942 i London i England) er ein keltolog og ekspert på kornisk og irsk. Han skriv under namnet Nicholas Williams og no og då N.J.A. Williams.

Nicholas Williams
Fødd 1942
Walthamstow
Yrke språkforskar, omsetjar, bibelomsetjar

LivEndra

Williams lærte seg sjølv kornisk på skolen i Essex, og han vart ein skald i den korniske organsiasjone Gorsedh Kernow allereie som tenåring, under bardenamnet Golvan ('sporven'). Han studerte klassiske språk, engelsk og keltisk ved Oxford. Etter ein kort periode ved universiteta i Belfast (der han tok doktorgraden) og Liverpool vart han førelesar i irsk ved University College Dublin i 1977, og Associate Professor i 2006.

ArbeidEndra

Williams har skrive mykje om keltiske språk og litteraturen deira. Arbeidet hans om irsk er m.a. tekstutgåver som The Poems of Giolla Brighde Mac Con Midhe (1980) og Pairlement Chloinne Tomáis (1981); I bPrionta i Leabhar (1986). Williams var også koeditor av Stair na Gaeilge ('Det irske språkets historie'), og har skrive om mansk. Williams var den første profesjonelle keltologen som sette seg inn i revitalisert kornisk. I 1990 publiserte han artikkelen «A problem in Cornish phonology» der han viste at fonema /tj/ og /dj/ som Ken George hadde gjort framlegg om i Kernewek Kemmyn aldri hadde vore ein del av kornisk, og dermed skulle bli fjerna. Han heldt fram med kritikken av kernewek kemmyn i Cornish Today (Kernewek Dre Lyther 1995) der han også kom med sitt eige framlegg til kornisk standard, som bygde på sameint kornisk, revidert sameint kornisk (Unified Cornish Revised eller UCR). Williams utdjupa UCR i Clappya Kernowek (Agan Tavas, 1997) og i ordboka si English-Cornish Dictionary (Agan Tavas, 2000). Forlaget Spyrys a Gernow publiserte Williams’ Testament Noweth, ei kornisk omsetjing av det nye testamentet frå den greske originalen i 2002.

Av Williams sine arbeid om kornisk er mellom anna «'Linguistically sound principles': the case against Kernewek Kemmyn», Cornish Studies, 4, (1997); «Pre-occlusion in Cornish», Studia Celtica 32 (1998); «Indirect Statement in Cornish and Breton», Cornish Studies 6, (1998); «Saint in Cornish», Cornish Studies 7 (1999) og bokmeldinga, «'A modern and scholarly Cornish-English dictionary': Ken George’s Gerlyver Kernewek Kemmyn (1993)», Cornish Studies, 9 (2001). I lag med Graham Thomas har Williams redigert det mellomkorniske dramaet Bewnans Ke

Sjå ogsåEndra

KjelderEndra

  • Engelsk Wikipedia