Nicola Benedetti
Nicola Joy Nadia Benedetti CBE (fødd 20. juli 1987) er ein skotsk-italiensk solofiolinist og festivaldirektør. Talentet hennar blei merka frå ho var ung, og då ho var 16 vann ho BBC Young Musician of the Year. Ho har spelt med orkester i Europa og Amerika og i lag med den faste pianisten sin Alexei Grynyuk. Sidan 2012 har ho nytta Gariel Stradivarius-fiolinen. Ho blei den fyrste kvinnelege leiaren for Edinburgh International Festival då ho blei utnemnd til festivaldirektør i 2022.
Nicola Benedetti | |||
| |||
Fødd | 20. juli 1987 (37 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | West Kilbride | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2005– | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | fiolin | ||
Plateselskap | Deutsche Grammophon | ||
Verka som | fiolinist | ||
Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen, 100 Women, Fellow of the Royal Society of Edinburgh, The Queen's Medal for Music, kommandør i den britiske imperieorden, BBC Young Musician, Classic Brit Awards |
Bakgrunn
endreBenedetti blei fødd i West Kilbride i North Ayrshire i Skottland. Faren var italiensk og mora var skotsk-italiensk.[1] Ho byrja å spela fiolin då ho var fire, med timar hjå Brenda Smith. Då ho var åtte blei ho konsertmeister for National Children's Orchestra of Great Britain.[2] Då ho var ni hadde ho allereie gått gjennom dei åtte graderingane innan standard musikkutdanning medan ho var elev ved Wellington School i Ayr.[3] I september 1997 blei ho elev ved Yehudi Menuhin School for unge musikarar under Yehudi Menuhin og Natasha Boyarskaya i Surrey i England.
Ved slutten av det fyrste året der (1998) spelte ho solo i den årlege konserten skulen heldt ved Wigmore Hall, og opptredde i London og Paris som solist i dobbel fiolinkonsert av Bach med Alina Ibragimova. Ho spelte på ein minnekonsert i Westminster Abbey vigd livet og virket til Yehudi Menuhin.
I 2000 deltok ho i Menuhin Competition som junior.
Nicola har ei eldre syster, Stephanie, som også er fiolinist og medlem av popgruppa Clean Bandit.
Tidlege konsertar
endreI 1999 opptredde Benedetti ved jubileumsferingane til Holyrood Palace med National Youth Orchestra of Scotland. I 2000 opptredde ho med Royal Scottish National Orchestra og Scottish Opera.
Deretter følgde konsertar med City of London Sinfonia, Royal Philharmonic Orchestra, Scottish Opera, Scottish Chamber Orchestra, Royal Scottish National Orchestra og andre.[4]
I august 2002 vann ho UK's Brilliant Prodigy Competition, som blei sendt på Carlton Television. Ho forlet Menuhin School kort tid seinare, og byrja som femtenåring å få privat opplæring frå Maciej Rakowski, den tidlegare konsertmeisteren til English Chamber Orchestra.[5]
Våren 2003 var Benedetti invitert som solist med London Symphony Orchestra til å ta del i innspelinga av DVD-en Barbie of Swan Lake ved Abbey Road Studios. I oktober 2003 blei det filma ein ekstradel til DVD-en, «Playing With Passion», som blei gjeven ut av Mattel. BBC Scotlandnytta denne DVD-en til å skapa ein dokumentar om Benedetti, som blei send på britisk fjernsyn i mars 2004.
BBC Young Musician of the Year
endreDå ho var 16, i mai 2004, vann Benedetti tevlinga BBC Young Musician of the Year, og framførte Karol Szymanowski sin First Violin Concerto i finalen ved Usher Hall i Edinburgh med BBC Scottish Symphony Orchestra.[4][6] Etter å ha vunne prisen kom ho øvst i musikkgruppa av Top Scot-prisen i desember 2005.[7]
I september 2012 opptredde Benedetti ved Last Night of the Proms, der ho spelte Violin Concerto No. 1 av Max Bruch.[8] Dette året blei ho gjeven fiolinen 1717 «Gariel» Stradivarius på lån av Jonathan Moulds, ein bankmann og styremedlem for London Symphony Orchestra Board member.[9]
I tillegg til soloframføringar har Benedetti også opptredd i ein trio med den tyske cellisten Leonard Elschenbroich og den britisk-ukrainske pianisten Alexei Grynyuk.[10]
Benedetti blei gjeven æresdoktorat frå Glasgow Caledonian University i november 2007 og frå Heriot-Watt University i 2010.[11] Ho er også blitt gjeven æresgradar frå University of Edinburgh i november 2011[12] og frå University of York[13] i august 2020.
Benedetti blei utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i 2013 New Year's Honours «For services to Music and to charity».[14][15] Ho blei vald som æresmedlem av Royal Society of Edinburgh i mars 2017.[16] I 2015 blei ho lista opp som ei av BBC sine 100 Women.[17]
I mai 2017 blei ho gjeven Queen's Medal for Music, den yngste mottakaren av dei tolv folka som hadde fått prisen sidan han blei skipa i 2005.[18]
Ho blei Commander of the Order of the British Empire (CBE) i 2019 New Year Honours, «For services to Music».[19] I 2019 blei ho også gjeven den årlege Royal Medal-prisen av Royal Society of Edinburgh for å betra liva til skotske barn med vanskelege livskår gjennom Sistema Scotland og Big Noise Orchestras.[20]
I vann ho grammyprisen for beste klassiske instrumentalsolo for Marsalis: Violin Concerto; Fiddle Dance Suite.[21][22]
Ho blei tildelt ISM Distinguished Musician Award i 2021.[23]
I 2022 blei ho utnemnd til ærespresident for Royal Conservatoire of Scotland (RCS).[24]
Ho blei den fyrste kvinnelege leiaren[25] for Edinburgh International Festival då ho blei utnemnd til festivaldirektør 1. oktober 2022.[26]
Kjelder
endre- ↑ «Nicola Benedetti». Scotland is the Place. Henta 29. september 2010.
- ↑ Nicola Benedetti, interviewed during BBC Radio 3 broadcast of 2012 BBC Proms (5. august 2012)
- ↑ «Violinist Nicola Benedetti Named BBC Young Musician of the Year». Classical Source. 5 May 2004. Henta 18. november 2014.
- ↑ 4,0 4,1 «2004 Nicola Benedetti – Violin». BBC Young Musician of the Year. Arkivert frå originalen 6. desember 2006.
- ↑ Jessica Werb (26 October 2006). «Benedetti makes music, not stardom, priority». The Georgia Straight. Henta 18 November 2014.
- ↑ «Violinist, 16, wins musical title». BBC News. 2. mai 2004. Henta 18. november 2014.
- ↑ «Rankin the toast of Scotland as fans sing his praises». Living Scotsman. Henta 18. november 2014.
- ↑ «Prom 76: Last Night of the Proms – review». The Guardian. 9 September 2012. Henta 30. juni 2017.
- ↑ Razaq, Rashid (13. mars 2012). «Banker lent me £6.3m Stradivarius after he heard me playing». London Evening Standard. Henta 2 December 2020.
- ↑ «BBC Radio Three Lunchtime Concert». London Symphony Orchestra. Henta 8 September 2012.
- ↑ «Honorary Graduates 2010» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 12 April 2016.
- ↑ «Violinist Nicola Benedetti debuts in Rome». Italian Journal 13. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Nicola Benedetti – Studying at York, University of York». 26. august 2020. Arkivert frå originalen 26. august 2020. Henta 26. august 2020.
- ↑ «No. 60367». The London Gazette (1st supplement): 15. 28. desember 2012.
- ↑ «Violinist Nicola Benedetti receives Order of the British Empire». Classic FM. Henta 16. oktober 2017.
- ↑ «RSE Welcomes 60 New Fellows» (Press release). Royal Society of Edinburgh. 15. februar 2017. Henta 28. mars 2017.
- ↑ «BBC 100 Women 2015: Who is on the list?». BBC News. 17. november 2015. Henta 17. august 2019.
- ↑ Davis, Lizzie (23 May 2017). «Nicola Benedetti awarded Queen's Medal for Music». Classic FM. Henta 24. mai 2017.
- ↑ Mal:Error
- ↑ «Royal Medals». Royal Society of Edinburgh. Henta 6. mars 2021.
- ↑ «Benedetti wins best solo award at Grammys». BBC News. 27 January 2020.
- ↑ «Nicola Benedetti». GRAMMY.com. 15. desember 2020. Henta 20. juni 2021.
- ↑ «ISM honours Nicola Benedetti CBE with ‘Distinguished Musician Award’». Independent Society of Musicians. 20. juli 2022. Henta 4. november 2022.
- ↑ Kennedy, Kara (30. juni 2022). «Yet another string added to Benedetti's bow with RCS president role». The Herald (Glasgow). s. 3. Henta 1. juli 2022.
- ↑ Carrell, Severin; Khomami, Nadia (1 March 2022). «Nicola Benedetti becomes first woman and first Scot to lead Edinburgh international festival». Guardian Media Group. The Guardian. Henta 17. oktober 2022.
- ↑ «Nicola Benedetti to become our next festival director».
- Denne artikkelen bygger på «Nicola Benedetti» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2023.