Usher Hall er eit konserthus i Edinburgh i Skottland. Konsertlokalet, som kan romme kring 2 200 menneske,[1] stod ferdig 16. mars 1914.[2] Konsertlokalet har blitt brukt i samband med større musikkarrangement som Eurovision Song Contest og europameisterskapen for brassband.

Usher Hall

ArkitektStockdale Harrison
Opna16. mars 1914
Kart
Usher Hall
55°56′50″N 3°12′18″W / 55.94727°N 3.20502°W / 55.94727; -3.20502

Historie

endre

Bygningen blei påkosta av whiskymakaren Andrew Usher, som gav byen ei gåve på 100 000 pund spesifikt til eit nytt konserthus. Usher døydde i 1898, før bygginga hadde byrja. Utpeikinga av tomte førte til forseinkingar, men i 1910 blei det halde ein arkitektkonkurranse om å teikna ein enkel men verdig bygning. Det kom inn 130 forslag. Vinnarforslaget frå Stockdale Harrison & Howard H Thomson frå Leicester var prega av Beaux-Arts-stilen, i eit tilbakeslag mot viktoriansk nygotikk. Kong Georg V og dronning Mary sette ned to minnesteinar på staden 19. juli 1911. Dei boga veggane var uvanlege for tida, og nytta det nyutvikla materialet armert betong.

I perioden 1996–1999 blei bygget renovert og bygd noko om.[3] Frå 2007 til 2010 gjekk bygningen gjennom nye renovasjonar, med forbetringar av pulikumsområde og fasilitetar og bygging av ei ny glasfløy.[4] Arveidet kosta totalt 40 millionar pund.[5]

Kjelder

endre
  1. «Usher Hall | Edinburgh International Festival». Eif.co.uk. Arkivert frå originalen 8 June 2009. Henta 23. desember 2015. 
  2. geograph.org.uk
  3. usherhall.co.uk Arkivert 25. november 2010 på Wayback Machine. Redevelopment
  4. Usher Hall, LDN Architects
  5. Real space images to reopen Usher Hall, BBC News, 24. februar 2010

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Usher Hall