Nicola Ferguson Sturgeon (fødd 19. juli 1970) er ein skotsk politikar som leia Scottish National Party og var fyrsteminister i Skottland frå 2014 til 2023.[1][2]

Nicola Sturgeon

Fødd19. juli 1970 (53 år)
Irvine i Ayrshire
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet skotske nasjonalistpartiet
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversity of Glasgow
Greenwood Academy
University of Glasgow School of Law
MorJoan Sturgeon
EktefellePeter Murrell
VervFyrsteminister i Skottland
FøregangarAlex Salmond
EtterfylgjarHumza Yousaf
Alle verv
  • Skottlands førsteminister (2014–2023) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Sturgeon er utdanna jurist frå Universitetet i Glasgow. Ho arbeidde som sakførar i Glasgow før ho vart parlamentsmedlem.

Sturgeon har vore medlem av det skotske parlamentet sidan det vart oppretta i 1999, og var frå 2007 skotsk visefyrsteminister under Alex Salmond. Ho vart fyrsteminister den 19. november 2014,[3] og er den første kvinna som har hatt begge desse verva.[4]

Den 15. februar 2023 kunngjorde Sturgeon at ho ville trekkje seg frå stillingane som partileiar og fyrsteminister når det vart utnemnt ei erstatning.[5][6] Ho blei etterfølgd av helseministeren, Humza Yousaf, månaden etter.[7]

Kjelder endre

  1. «Nicola Sturgeon: the First Female and Now Longest Serving First Minister». Bloomberg.com. 24. mai 2022. Henta 10. mars 2023. 
  2. Specia, Megan (15. februar 2023). «Nicola Sturgeon Is Scotland’s Longest-Serving First Minister». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 10. mars 2023. 
  3. BBC (19. november 2014): New Scottish First Minister Nicola Sturgeon makes gender equality pledge. BBC News
  4. «Nicola Sturgeon tops Woman's Hour power list». BBC News (på engelsk). 1. juli 2015. Arkivert frå originalen 1. juli 2015. Henta 1. juli 2015. 
  5. «Nicola Sturgeon: Scotland's first minister to resign saying 'time is now' to go». BBC News (på engelsk). Henta 15. februar 2023. 
  6. «Nicola Sturgeon to resign as Scottish first minister». BBC News (på engelsk). 15. februar 2023. Henta 15. februar 2023. 
  7. «Nicola Sturgeon: Scotland's first minister to resign saying 'time is now' to go». BBC News (på engelsk). Henta 15. februar 2023.